Skriftlig spørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til kultur- og kirkeministeren

Dokument nr. 15:37 (2002-2003)
Innlevert: 22.10.2002
Sendt: 23.10.2002
Besvart: 29.10.2002 av kultur- og kirkeminister Valgerd Svarstad Haugland

Ranveig Frøiland (A)

Spørsmål

Ranveig Frøiland (A): Hovudmålet for statens mediepolitikk er å sikra best mogleg mediemangfald på flest mogleg stader.
Meiner statsråden at det er riktig å gje konsesjon for lokalfjernsyn for Hordaland til den dominerande mediebedrifta i regionen, når dette i vesentleg grad vil svekkja konkurrenten Bergensavisa sin moglegheit for å utvikla seg vidare?

Begrunnelse

Då konsesjonen vart lyst ut for perioden fram til 31. desember 2002, vart konsesjonsområdet utvida til heile Hordaland. BA og A-pressa var den eine søkjargruppa, medan Bergens Tidende og lokale investorar var i den andre gruppa. Bergens Tidende var då minoritetsaksjonær, men hadde forkjøpsrett og stor nok aksjepost til å få kontroll ved framtidig overtaking av aksjane. Statens medieforvaltning gav konsesjon til TV Hordaland. Bergens Tidende kjøpte seg opp, og hadde full kontroll hausten 2000. Statens eigarskapstilsyn sa at dette var i strid med medieeierskapsloven § 1, og at det var heimel for å gripa inn, men gjorde det likevel ikkje.

Valgerd Svarstad Haugland (KrF)

Svar

Valgerd Svarstad Haugland: Å sikra mangfald er eit hovudmål i mediepolitikken. Tildeling av kringkastingskonsesjonar er basert på eit forvaltningsmessig skjønn som tek utgangspunkt i kringkastingsregelverket og mediepolitiske mål, i tillegg til spesielle omsyn i kvar enkelt sak. I enkeltsaker vil ein mellom anna måtta vurdera omsynet til kontinuitet opp mot høve til nyetablering. Å etablera lokalfjernsyn krev store investeringar, samstundes som det ofte tek noko tid før inntektene kjem opp på eit stabilt nivå. Mange lokal-TV-selskap slit økonomisk. Eg meiner derfor det er legitimt å leggja vekt på omsynet til kontinuitet for å sikra levedyktige lokalkringkastarar. Omsynet til kontinuitet har vore viktig i denne saka. For lokalradio, som det ligg nært å samanlikna med, har Stortinget i Innst. S. nr. 190 (1994-1995) sagt:

"Å legge vekt på tidligere virksomhet vil være med på å sikre eksisterende nærradioer videre drift, og bidra til å unngå at nye søkere konkurrerer ut eksisterende nærradioer."

Eg er kjend med avgjerda til Eigarskapstilsynet. Sjølv om det var heimel for det, valde dei etter ei samla vurdering å ikkje gripa inn. Eg kan ikkje sjå at det er i strid med denne avgjerda eller regelverket for lokalkringkasting å gje fornya konsesjon til TV Hordaland.

Det skal berre delast ut ein konsesjon for lokalfjernsyn i kvart område. Slik eg ser det vil lokal-tv-verksemda spela ei underordna rolle i høve til avisdrifta i området. Eg meiner derfor at det ikkje vil svekkja Bergensavisa si høve til å utvikla seg vidare at TV Hordaland held fram som konsesjonær i området.