Skriftlig spørsmål fra Hallgeir H. Langeland (SV) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:81 (2002-2003)
Innlevert: 08.11.2002
Sendt: 08.11.2002
Rette vedkommende: Olje- og energiministeren
Besvart: 14.11.2002 av olje- og energiminister Einar Steensnæs

Hallgeir H. Langeland (SV)

Spørsmål

Hallgeir H. Langeland (SV): Energiselskapet Lyse har fått konsesjon for bygging av gassrøyr over Boknafjorden til ein kostnad på ca. 500 mill. kr. Dimensjonen og kostnaden på dette røyret vil føre til at behovet for mange fossilgasskundar blir stort. Det vil i sin tur presse bort andre meir miljøvennlege alternativer. Dette er det allereie døme på.
Korleis vil statsråden sørgje for at dette prosjektet, eventuelt andre prosjekt, ikkje riv grunnlaget bort frå vår vedteke klimapolitikk i Innst. S. nr. 240 (2001-2002)?

Begrunnelse

Viser til Regjeringa si målsetting i høve til alternativ fornybar energi og statsråden sine mange klare og tydelege uttale om ein offensiv norsk klimapolitikk, ikkje minst i samband med internasjonale klimakonferansar samt til Innst. S. nr. 240 (2001-2002), og til dømes desse merknadene:

"Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, ser alvoret i miljøproblemet konvensjonen og protokollen er ment å adressere, og slutter seg derfor til Regjeringens ambisjon om en offensiv nasjonal klimapolitikk. Dette er ikke minst viktig på grunn av det moralske aspektet ved klimaproblematikken.
Flertallet slutter seg til Regjeringens vurdering av at klimaproblemet er nært knyttet til nord/sør-problematikken ved at de rike landene til nå har stått for det meste av klimautslippene, mens det er de fattigste landene som vil bli hardest rammet av tidlige klimaendringer. Flertallet viser til at det derfor er en stor utfordring for verdenssamfunnet å bidra til utvikling i de fattige landene innenfor en forsvarlig ramme for verdens klimagassutslipp."

"Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, har merket seg at Regjeringen mener det er viktig å legge til rette for nye løsninger både når det gjelder produksjon og forbruk av energi. Et viktig tiltak for å endre sammensetningen av energiforbruket er å få til en konvertering av oppvarming med fossile energikilder til oppvarming med nye fornybare energikilder. Flertallet slutter seg derfor til at det må utarbeides en strategi for hvordan en slik konvertering kan foregå."

Einar Steensnæs (KrF)

Svar

Einar Steensnæs: Regjeringa har ein klimapolitikk som legg vekt på å nytte verkemidlar som går på tvers av sektorar. Samstundes legg me vekt på at dei enkelte sektorane skal sette i verk tiltak innan sitt eige område.
Lat meg seie litt om den overordna klimapolitikken og kva den tyder for bruken av naturgass først. Det kan være mogleg å redusere utslepp til luft ved å gå over til naturgass frå meir forureinande energikjelder. Utslepp kan og reduserast gjennom meir effektiv energibruk, reinsing, bruk av fornybare energikjelder og internasjonal handel med kvotar. Den generelle klimapolitikken er derfor særs viktig og i satsinga på gass og høvet til andre tiltak på energisektoren. I stortingsmeldinga om bruk av naturgass heiter det:

"Dagens fritak for CO-avgift innebærer en lavere verdsetting av miljøet ved bruk av gass enn ved bruk av brensler som er pålagt slike avgifter. Etter 2005 vil ordningen med fritak av CO2-avgift for gass oppheves og erstattes av kvoteplikt for CO2, jf. tilleggsmeldingen til Klimameldingen. Dette er i tråd med prinsippene for en kostnadseffektiv virkemiddelbruk i miljøpolitikken."

Når det gjeld den særlege oppfølginga av klimautfordringane i energisektoren, vil eg peike på fleire område.
I klimameldinga som det vert vist til i spørsmålet vart det gjort klart at Regjeringa vil utforma ein eigen strategi for konvertering av oljefyring til bruk av ny fornybar energi. Stønad til auka energiutnytting av avfall som elles ville gått til deponi, er òg eit særskilt tiltak i sektoren.
Politikken for omlegging av energibruk og produksjon vart fremma under Bondevik I. Stortinget slutta seg til ein slik omlegging gjennom handsaminga av St.meld. nr. 29 (1998-1999) om energipolitikken, jf. Innst. S. nr. 122 (1999-2000). Stortinget gjorde det klart at naturgass skulle vere ein del av politikken for omlegging.
I samband med arbeidet for omlegging av energibruk og produksjon er det naudsynt å ta innover seg at forholda varierer frå landsel til landsel, mellom ulike typar bygningar. Lønnsemda ved vannboren varme er best i kalde deler av landet med lang fyringssesjon og i store bygg. I nye bygg står ein mykje friare til å velje energiopplegg enn i eksisterande bygg. Fjernvarme er mest aktuelt i tettbygd område. Ressursgrunnlaget for nytting av fornybare energikjelder varierer òg. Likeins varierer grunnlaget for å ta i bruk naturgass mykje frå landsdel til landsdel. Difor kan ein få fordelingsproblem og samfunnsøkonomiske tap om ein pålegg dei same løysingane over alt. Valet mellom dei ulike konkrete løysingane må gjerast lokalt. Dei sentrale styresmaktenes rolle må vere å angje retninga for utviklinga, og stimulera til ei omlegging på brei basis. Dette var bodskapet i stortingsmeldinga om energipolitikken, og det vert understreka igjen i St.meld. nr. 9 (2002-2003) om innanlands bruk av naturgass mv.
På bakgrunn av at naturgass og fornybare energikjelder kan kome i konkurranse enkelte stader har Regjeringa lagt opp til ei viss koordinering av statens satsing. Det er bakgrunnen for at vi har foreslått å legge forvaltinga av stønaden til infrastruktur for naturgass til Enova. I stortingsmeldinga om innanlands bruk av gass vert det vidare vist til at reguleringane til NVE òg verkar inn på konkurransen mellom energiberarar. NVE skal analysere korleis naturgassen kan spele saman med andre energiberarar, og korleis rammene verkar inn på konkurransen.