Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg viser til oppslag i VG 15. november d.å. der Stortingets visepresident underleg nok finn det naudsynt å påtala at stortingsrepresentantar har teke kontakt med UDI eller UNE i einskildsaker som er til handsaming.
Er statsråden tilfreds med dei høve ho i dag har til dialog med UDI, eller vil ho ta initiativ til å endra lova slik at ho kan svara Stortinget om alle relevante opplysningar er vurderte i aktuelle einskildsaker?
Begrunnelse
Eg deler i utgangspunktet visepresidenten sitt syn på at ein stortingsrepresentant skal forhalde seg til det politiske systemet. No er situasjonen den at fleire representantar ved å venda seg til statsråden på ordinært vis har opplevd å få til svar at ho i samsvar med utlendingslova ikkje kan gripa inn i einskildsaker. Det er einskildsakene som gir praktiseringa av lova eit andlet. Det kan såleis i dag synast å vera manglande høve for Stortinget til å bli kjent med korleis den praksis dei sjølv har lagt til grunn i lova, eigentleg vert fylgt opp.