Skriftlig spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til finansministeren

Dokument nr. 15:239 (2002-2003)
Innlevert: 17.01.2003
Sendt: 20.01.2003
Besvart: 28.01.2003 av finansminister Per-Kristian Foss

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Kostnadene i Noreg har som kjent lenge vore svært høge. Ei ny utrekning frå The Economist Intelligence Unit (EIU) viser at det no berre er Tokyo og Osaka i Japan som er dyrare enn Oslo å leve i. Oslo er blitt dyrare enn både Paris, London, New York og Hong Kong. Ein av grunnene til dei høge kostnadene er det høge skatte- og avgiftsnivået vi har i Noreg.
Er statsråden bekymra for det høge kostnadsnivået i Noreg, og bør ikkje dette bety raskare reduksjon av det særnorske skatte- og avgiftsnivået?

Begrunnelse

Auka kostnader fører til svekka konkurranseevne, noko som på sikt igjen betyr tap av norske arbeidsplassar. Sjølv om dei høge kostnadene i Noreg også skuldast lønsnivå og kronekurs, er det ikkje tvil om at det høge skatte- og avgiftsnivået i Noreg har stor innverknad på kostnadsnivået.
Ved å redusere skattar og avgifter vil det også vere mindre behov for store lønstillegg fordi kjøpekrafta då blir oppretthalde pga. lågare prisar på varer og tenester. Lågare prisstigning og redusert kjerneinflasjon vil også leggje grunnlaget for lågare rente og dermed også lågare kronekurs.
Reduserte skattar og avgifter kan derfor bringe kostnadsutviklinga inn i eit positivt spor, dette gjeld spesielt dersom reduserte skattar og avgifter vert kombinert med effektivisering og rasjonalisering av offentleg sektor.

Per-Kristian Foss (H)

Svar

Per-Kristian Foss: Kostnadsnivået i Noreg er høgt. Regjeringa gjekk derfor i Sem-erklæringa inn for å redusere skatte- og avgiftsnivået i Noreg med 31 mrd. kr i løpet av noverande stortingsperiode. Dette inkluderer fjerning av investeringsavgifta. Ein slik reduksjon i skatte- og avgiftsnivået vil betre effektiviteten i økonomien, men også gjere det lettare for folk å klara seg på eiga inntekt.
I budsjetta for 2002 og 2003 er skattane og avgiftene reduserte med til saman nesten 20 mrd. kr (påløpt). Handlingsromet i finanspolitikken dei nærmaste åra viser at det er eit ambisiøst mål Regjeringa har sett seg i skatte- og avgiftspolitikken.
Ein viktig faktor bak det høge kostnadsnivået i Noreg er at lønningane er høge. Regjeringa har derfor arbeidd saman med partane i arbeidslivet om ei felles forståing av utfordringane og rammene for årets lønnsoppgjer.
Tiltak for å fremje konkurransen i økonomien vil gjere at ressursane nyttast meir effektivt og vil dermed kunne redusere kostnadsnivået. For å styrka arbeidet på dette området vedtok Regjeringa i november 2001 ein konkurransepolitisk handlingsplan. Planen har fem overordna tiltak; styrke konkurransestyresmaktene, gjennomgå offentlege reguleringar som dempar konkurransen, sikre at offentlege kjøp medverkar til konkurranse og etablerings- og moglegheitar, sikre at statlege selskap ikkje medverker til å dempe konkurransen og sørgje for at offentlige verksemdar blir organiserte og drivne på ein måte som fremjar konkurransen.