Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:245 (2002-2003)
Innlevert: 20.01.2003
Sendt: 20.01.2003
Besvart: 24.01.2003 av utdannings- og forskningsminister Kristin Clemet

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Kor langt er statsråden komen i arbeidet for å sikra uteksaminerte kandidatar frå maritim fagskule og maritim høgskule den praksisplassen som er naudsynt for godkjent sertifikat?

Begrunnelse

Eg viser til statsråden sitt svar i spørjetimen 15. mai 2002 der ho varsla initiativ overfor Sjøfartsdirektoratet og næringa for å finna ei løysing.

Kristin Clemet (H)

Svar

Kristin Clemet: Eg er kjend med problemet med praksisplassar for kandidatar frå maritim fagskule og maritim høgskule. Opplæringa i skulen gir det teoretiske grunnlaget for å søkje sertifikat. Etter den internasjonale konvensjonen om normer for opplæring, sertifikat og vakthald for sjøfolk skal studentane vise kva dei har lært ved praksis ombord før Sjøfartsdirektoratet skriv ut sertifikat. Ein godkjend assessor skal dokumentere dette i ei sertifiseringsbok. Dette har arbeidsgjevaren ansvar for.
I spørjetimen 15. mai 2002 sa eg at eg ville ta initiativ overfor Sjøfartsdirektoratet og næringa for å finne ei løysing på problemet. Problemet har vore tatt opp med skulane og Sjøfartsdirektoratet. Dei understrekar at det er vanskeleg å få næringa til å tilsetje kandidatar utan sertifikat.
Departementet har i haust arbeidd med ei ny lov om fagskuleutdanning, som også gjeld maritim teknisk fagskule. Den nye lova, som ligg til handsaming i Stortinget, legg til rette for ei utdanning som er i samsvar med det næringa ønskjer. Eg tar derfor sikte på å ta denne saka og andre problemområde i samband med innføringa av den nye lova opp med næringa, Sjøfartsdirektoratet og utdanningsinstitusjonane så snart lova er vedteke.