Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:274 (2002-2003)
Innlevert: 30.01.2003
Sendt: 31.01.2003
Besvart: 10.02.2003 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): Ein armensk familie har fått avslag på søknad om opphald. Mannen i familien er armensk, men kona er frå Azerbadsjan. Familien hevdar å ha vore utsett for tortur tidlegare og fryktar nye overgrep ved heimsending, mellom anna pga. blandingsekteskapet. Familien viser mellom anna til UNHCR sin rapport frå Armenia frå oktober 1999.
Korleis, og på kva grunnlag, vurderer statsråden situasjonen i landet, mellom anna påstandar om bruk av tortur, og kva er statsråden sitt syn på innhaldet i UNHCR-rapporten?

Begrunnelse

Familien frå Armenia kom til Noreg for to år sidan, og søkte om asyl. Dei fekk avslag i 2001, då dei ikkje vart trudd på historia si om fengsling og mishandling. Dei hevdar at ved tilbakesending vil mannen verte fengsla og torturert, og kvinna og barna utsett for trakassering pga. det "blanda" ekteskapet. UNHCR sin rapport frå Armenia i oktober 1999 omtaler slike forhold under pkt. 4.1, der det er ei oversikt over kva grupper som: "May, depending on the circumstances, be considered as groups at risks in Armenia". I denne gruppa er nettopp nemt: "Members of the Azeri minority and persons of mixed Armenian/Azeri origin". Dette er tilfellet for denne familien. UNE seier i sitt avslag av 18. september 2001 at ein ikkje kan sjå bort frå ein viss trakassering, "men ikke av en art eller et omfang som kan karakteriseres som forfølgelse i konvensjonens eller lovens forstand". At problema har vore minkande i Armenia, går òg implisitt fram av UNHCR sin rapport, men denne grunngjev dette med følgjande: "However, such incidens have now become rare as the people who have experienced problems generally have left the country." Problema med trakassering har vorte redusert fordi dei utsette gruppene har flykta frå landet, og herunder altså den omtala familien.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Søknader om asyl eller opphaldsløyve etter utlendingslova blir avgjort av Utlendingsdirektoratet i fyrste instans og Utlendingsnemnda som klageinstans. Eg har ikkje høve til å påverke utfallet av dei enkelte søknadene. Det følgjer av utlendingslova § 38 at departementet ikkje kan instruere Utlendingsdirektoratet eller Utlendingsnemnda, korkje om lovtolking, skjønnsutøving eller avgjersle av enkeltsaker, med mindre saken dreier seg om omsynet til rikets tryggleik eller utanrikspolitiske omsyn.

Det følgjer av dette at eg heller ikkje skal gå inn og vurdere situasjonen i eit land og innhaldet i ein rapport frå UNHCR med tanke på kva for slags avgjersler utlendingsmyndigheitene skal treffe. Også tolkinga av landinformasjonen og korleis ein forhold seg til anbefalingar frå UNHCR, er det opp til direktoratet og nemnda å setje i verk. Dette er ein naturleg del av deira myndigheit til å avgjere søknader om opphald i Noreg på bakgrunn av utlendingslovgivinga.

Eg har altså ikkje høve til å påverke utfallet av dei enkelte søknadene, men vil følgje praksis i direktoratet og nemnda nøye. Den politiske styringa av utlendingsfeltet må skje gjennom lov og forskrift og generelle prioriteringar.