Skriftlig spørsmål fra Modulf Aukan (KrF) til landbruksministeren

Dokument nr. 15:292 (2002-2003)
Innlevert: 06.02.2003
Sendt: 07.02.2003
Besvart: 13.02.2003 av landbruksminister Lars Sponheim

Modulf Aukan (KrF)

Spørsmål

Modulf Aukan (KrF): Viser til "Sau og Geit" nr. 5 for 2002 og oppslaget "Tiltak mot atypisk skrapesyke!". Det kan tyde på at denne utgåva av skrapesyke med sjukdomsnamn Nor98 ikkje er dokumentert smittsam, slik som den ordinære skrapesjuka.
Er det riktig behandlingsmåte å fortsette med nedslakting av besetningane der enkelttilfelle vert oppdaga?

Begrunnelse

Det siste tilfellet av atypisk skrapesyke som vart oppdaga i Rennebu i Sør-Trøndelag no i januar, stiller seg inn i rekka av slike tilfelle der eit enkelt dyr gjev grunnlag for nedslakting av ei heil besetning. Som vist til i spørsmålet og i debatten som går rundt denne sjukdommen, er det slett ikkje dokumentert at denne varianten er direkte smittsam. Det er klart at den føre var-behandlinga med nedslakting som vi i Noreg har hatt til no, er svært resurskrevjande. I og med karantenetid i ettertid av ei eventuell utslakting, vil det også ta svært lang tid før ein i ei slik besetning kan vera operativ igjen.
Særleg dette med at sauen er stadbunden gjer at det å ta til på nytt vil føre til ei tidkrevjande "tilvenningstid" i nytt terreng for nye dyr.

Lars Sponheim (V)

Svar

Lars Sponheim: Eg viser til spørsmålet frå representanten Aukan, der han spør om det er rett å slakte ned ei besetning der det er påvist atypisk skrapesjuke, også kalla Nor98. Representanten meiner med grunnlag i ein artikkel i tidsskriftet "Sau og Geit" at sjukdomen ikkje er dokumentert å vere smittsam.

Skilnader mellom dei to typane skrapesjuke

Denne "nye" typen skrapesjuke skil seg frå den "klassiske" på ein del punkt:

- Dei fleste tilfella av Nor98 er blitt påviste hos dyr der det ikkje har vore mistanke om skrapesjuke på førehand. Sjukdommen er oppdaga hos friske dyr som er sendt til slakt og som tilfeldig er tatt ut for testing innanfor overvakingsprogrammet. I flokkar med klassisk skrapesjuke får ein oftast mistanke ved at dyr viser nervøse symptom eller kløe, og eit eller fleire dyr blir avliva for undersøking.
- Klassisk skrapesjuke har helst vore i flokkar på Sør-Vestlandet, oftast med klare linjer til andre smitta flokkar. Nor98 er meir tilfeldig spreidd over heile landet utan dokumentert kontakt til andre flokkar med påvist skrapesjuke.
- Dyr med Nor98 har vore vesentleg eldre enn dyr med klassisk skrapesjuke.
- Klassisk skrapesjuke er dokumentert smittsam med opptil 40 pst. smitta dyr i same flokk. Undersøking av dyr frå flokkar med Nor98 har så langt ikkje vist smitte hos andre dyr i flokken. Det er likevel ikkje utelukka at Nor98 er smittsam, da det kan vere at dyra er i eit så tidleg stadium at sjukdommen ikkje blir oppdaga.
- Smittestoffet (endra prionprotein) og eventuelle sjuklege forandringar er i litt andre delar av hjernen ved Nor98 enn ved klassisk skrapesjuke.
- Det endra prionproteinet er noko annleis ved Nor98 enn ved den klassiske skrapesjuken.
- Einskilde sauerasar er lite mottakelege for klassisk skrapesjuke. Nor98 opptrer hos dyr som er rekna som lite mottakelege for den klassiske forma.

Ønske om meir kunnskap

Det trengst meir kunnskap om Nor98, og eg er derfor glad for å kunne opplyse at Norsk sau- og geitalslag, Veterinærinstituttet og Statens dyrehelsetilsyn 31. januar d.å. blei samde om å sette i gong eit forskingsprosjekt for å undersøke om sjukdommen er smittsam mellom sauer. Ein buskap der Nor98 er påvist, vil bli halden isolert og følgt opp klinisk og med laboratorieundersøkingar.

Forvaltningsmessig handtering

Klassisk skrapesjuke blir i Noreg halden nede ved at buskapar som er smitta, blir avliva. Det blir òg einskilde dyr som er selde ut av flokken, og det blir lagt restriksjonar på flokkar som kan vere smitta. Det blir gjennomført omfattande tiltak for å fjerne smittestoff etter avliving av buskapane. Denne strategien må ein kunne seia er vellukka sidan førekomsten av klassisk skrapesjuke har gått ned frå 30 tilfelle i 1996 til 0-2 tilfelle årleg etter 1998.
Medan Noreg i ei årrekkje har hatt den mest offensive utryddingsstrategien for skrapesjuke, ser ein at EU-landa no i aukande grad tek i bruk den same strategien. Det er serleg på grunn av dei store konsekvensane som kugalskap har hatt for europeisk landbruk. Kugalskap og skrapesjuke er sjukdomar som er nært i slekt med kvarandre. Kugalskap er aldri påvist hos sau. Dei seinare åra har det blitt auka fokus på at det er mogleg at det kan vere kugalskap hos sau, og at den feilaktig kan bli diagnostisert som skrapesjuke. EU er opptatt av å skjerpe og harmonisere tiltaka mot skrapesjuke for å redusere dei negative verknadene for sauenæringa om det skulle vise seg at sau også har kugalskap.
Vi veit enno for lite om Nor98. Med bakgrunn i dette har Statens dyrehelsetilsyn (SDT) valt å handtere Nor98 på same måte som klassisk skrapesjuke. Men det er lempa noko på tiltaka i buskapar med kontakt. SDT sin strategi er valt i samråd med Veterinærinstituttet. Norsk sau- og geitalslag og andre næringsorganisasjonar sluttar fullt ut opp om strategien, noko dei stadfesta seinast på eit informasjonsmøte sist på året 2002.

Konklusjon

Eg tek råda frå faginstansane til orientering. Eg finn ikkje grunn til å trekkje i tvil at ein ut frå eit føre var-omsyn skal handtere Nor98 på same vis som klassisk skrapesjuke. Inntil vi veit meir om sjukdomen, må vi fortsette å slakte ned flokkar med Nor98. Skulle nye kunnskapar i framtida gi grunnlag for å endre strategien, vil det sjølvsagt bli gjort.