Bjørn Jacobsen (SV): Vurderer Regjeringa å kutte disse midlane med 8-10 mill. kr og i tilfelle korfor, då reint bortsett i frå eventuelle omstruktureringar av budsjettet?
Begrunnelse
Familieplanlegging er eit offentleg gode som manglar i mange land. For å bøte på dette driv mange organisasjonar både sjølve og i samarbeid med lokale myndigheiter eit utstrakt arbeide som er støtta av m.a. norske bistandsmidlar. Ein av desse, International Planned Parenthood Federation, (IPPF), har dei siste åra motteke 45 mill. kr frå norske myndigheiter.