Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): I arbeidet med å styrkja reiselivsnæringa, har det to år på rad vore norsk deltaking på reiselivsmesser i Kina. Det er i dag ikkje noko system for handsaming av turistvisum til kinesiske grupper.
Vil statsråden ta initiativ til at kinesarar kan delta i reiser til Noreg?
Begrunnelse
Sverige har i år opna for turistgrupper frå Kina. Frå reiselivshald er det spørsmål om å tilretteleggje for same ordninga i Noreg. I eit intervju i Dagens Næringsliv uttalar rådgjevar Inge Houm at ein tidlegare var redd for avhopping, men at det ikkje er noko i dag som skulle tilseie at UDI ville vera imot å opna for grupper frå Kina. Reiseliv på Vestlandet ser her ein marknad dei ynskjer å utvikla. Eg vonar statsråden er imøtekomande til på denne måten å medverka til trygging av arbeidsplassar og til styrking av mellomfolkeleg samarbeid.