Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til kultur- og kirkeministeren

Dokument nr. 15:359 (2002-2003)
Innlevert: 28.02.2003
Sendt: 03.03.2003
Besvart: 10.03.2003 av kultur- og kirkeminister Valgerd Svarstad Haugland

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): Styret i Forbrukarrådet har vedteke å redusere talet på lokalkontor frå 18 til 10. Forbrukarrådet i Sogn og Fjordane held i dag til i det einaste fylket i landet der alle kommunar og fylkeskommunen har nynorsk som målform. Skal Forbrukarrådet makte å oppfylle mållova, vil eit lokalkontor i Sogn og Fjordane sikre kompetanse og representasjon.
Korleis vil statsråden sikre at Forbrukarrådet ivaretek mållova, og vil dette kunne få konsekvensar for plassering av lokalkontor?

Begrunnelse

Som følgje av budsjettforliket mellom regjeringspartia og Framstegspartiet må Forbrukarrådet redusere talet på lokalkontor frå 18 til 10. Forbrukarrådet i Sogn og Fjordane held til i det einaste fylket i landet der alle kommunar og fylkeskommunen har gjort vedtak om nynorsk målform. Dei fleste som tek kontakt med kontoret nyttar nynorsk, og dei ynskjer foldarar, kontraktar og faktablad på nynorsk. Ikkje minst gjeld dette skular som tingar materiell.
Mållova fastset at ingen av målformene skal vere representert med mindre enn 25 pst. Likevel ser vi at bladet Forbrukarrapporten sine utgåver i 2002 og førebels i 2003 ikkje inneheld eit einaste ord på nynorsk. Det ser ut til at omsynet til mållova er gløymt eller oversett. Kontoret i Sogn og Fjordane har tidlegare ytt hjelp til sekretariatet ved omsetting og anna arbeid. Kontoret i Sogn og Fjordane er no vedteke lagt ned og flytta til Bergen.

Valgerd Svarstad Haugland (KrF)

Svar

Valgerd Svarstad Haugland: Forbrukarrådet ligg under Barne- og familiedepartementet, og spørsmål som gjeld den nye organisasjonsstrukturen, m.a. lokalisering av dei nye distriktskontora, må eventuelt takast opp med barne- og familieministeren.

Når det gjeld mållova, vil eg streka under at kvart enkelt statsorgan har eit sjølvstendig ansvar for å følgja dei nærmare reglane i lov og forskrift om bruk av nynorsk og bokmål. Forbrukarrådet er eit sentralt statsorgan etter mållova, mens dei enkelte distrikts- eller lokalkontora må reknast som regionale statsorgan, jf. § 3 første ledd i forskrift av 5. desember 1980 nr. 4938 om målbruk i offentleg teneste.

Forbrukarrådet som sentralt statsorgan har plikt til å veksla mellom målformene i alt utoverretta informasjonstilfang m.m., slik at det over tid blir minst 25 pst. av kvar målform. Dette gjeld også for det redaksjonelle stoffet i Forbrukarrapporten. Dersom Forbrukarrapporten for 2002 og førebels i 2003 ikkje inneheld noko nynorsk, er dette eit klart brot på reglane. Seinast i oktober 2000 tok Kulturdepartementet kontakt med Barne- og familiedepartementet og bad dei instruera Forbrukarrådet om å etterleva reglane i mållova. Barne- og familiedepartementet følgde opp dette i brev til Forbrukarrådet av 16. november 2000.

Den noverande distriktsstrukturen med eitt lokalkontor i kvart fylke, inneber at kontora i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har nynorsk som tenestemål. Dette følgjer av at nynorsk er fleirtalsmålform i desse fire fylka, dvs. at fleirtalet av dei kommunane som ikkje er språkleg nøytrale, har gjort vedtak om nynorsk etter § 5 i mållova. I Sogn og Fjordane har alle kommune vedteke nynorsk, og i Hordaland har 30 av 33 kommunar gjort det same. Dersom desse to kontora blir slått saman, vil også det nye kontoret ha nynorsk som tenestemål. Formelt sett inneber ei slik samanslåing såleis ingen endringar når det gjeld reglane i mållova. Det inneber heller inga endring om lokalkontoret ligg i Førde eller i Bergen.

At eit eventuelt nytt kontor for Hordaland og Sogn og Fjordane med sete i Bergen har nynorsk som tenestemål, inneber at dette kontoret skal nytta nynorsk i all ekstern målbruk, med unntak av i svar på brev til private rettssubjekt som ønskjer bokmål, i korrespondanse med lokale statsorgan med bokmål som tenestemål og i korrespondanse med eller i tilfang med særleg tilknyting til bokmålskommunar. Også all skriftleg kontakt mellom Forbrukarrådet sentralt og kontoret for Hordaland og Sogn og Fjordane skal gå føre seg på nynorsk. Kontoret må også ha tilgjengeleg materiell på nynorsk. Dette gjeld også materiell som er produsert av Forbrukarrådet sentralt, men som skal delast ut eller sendast ut frå kontoret for Hordaland og Sogn og Fjordane.

Eg føreset at dette blir nøye etterlevd i praksis, og at Barne- og familiedepartementet følgjer godt med i dette i samband med omorganiseringa.