Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til arbeids- og administrasjonsministeren

Dokument nr. 15:393 (2002-2003)
Innlevert: 13.03.2003
Sendt: 14.03.2003
Besvart: 21.03.2003 av arbeids- og administrasjonsminister Victor D. Norman

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2003 vedtok stortingsfleirtalet etter forslag frå Regjeringa tak på kostnadene til opplæring ved attføring. Det vart den gongen hevda at fleire gode kvalifiseringstiltak kunne bli utraderte. Det kjem no signal både frå private tilbydarar og frå attføringsklientar om at dette skjer.
Er statsråden fornøgd med ei slik utvikling, eller har han tenkt å setje i verk noko for å sikra fleire ei kvalitativ god opplæring?

Victor D. Norman (H)

Svar

Victor D. Norman: Frå 1. januar i år kan ein som hovudregel ikkje få stønad til skulepengar, semesteravgift og eksamensgebyr på meir enn 50 000 kr pr. undervisningsår og 100 000 kr pr. attføringsløp. Der taket hindrar gjennomføringa av eit nødvendig og formålstenleg tiltak kan det gjerast unntak. Kostnadstaket skal dermed ikkje avskjere den einskilde frå å få det attføringstiltaket han eller ho treng. Aetat Arbeidsdirektoratet har utarbeidd retningslinjer som skal sikre ei riktig praktisering av unntaksregelen.
Noko av bakgrunnen for å innføre kostnadstaket er at det dei siste åra har vore ein stor auke i utbetalingane av stønadene til skulepengar osv. Ein del av denne auken skuldast ein utstrakt bruk av dyre kurstilbod frå private tilbydarar. Ein effekt av kostnadstaket skulle vere at dei private tilbydarane tilpassar prisane etter nye rammer, og at dei gjer tilboda meir fleksible og attraktive både med omsyn til innhald og pris. Fleire tilbakemeldingar tyder på at denne effekten i stort mon er oppnådd. Til dømes har Merkantilt institutt meldt ifrå til Aetat Arbeidsdirektoratet om utdanningstilbod med særskilde prisar til yrkeshemma under attføring. Aetat Arbeidsdirektoratet kan opplyse at nokre av tilbydarane gir tilbod om dei same kursa som før, men til lågare pris, mens andre og har justert t.d. lengda på kursa for å kompensere for eventuell mindre inntening. Det ligg ikkje føre konkrete opplysningar om tilbydarar som har falt ut av marknaden grunna kostnadstaket.
Sidan det berre er nokre månader sidan regelen om kostnadstak vart sett i verk er det for tidleg å kjenne verknaden. Eg vil sjølvsagt ikkje vere nøgd dersom det viser seg at nokon ikkje får dei tiltaka dei har krav på i medhald av folketrygdlova. Førebels har eg ikkje fått konkrete signal som tyder på at fleire vert nekta tiltak etter innføringa av kostnadstaket. Etter mi meining er det difor ikkje grunnlag for å vurdere særskilde tiltak no.