Skriftlig spørsmål fra Sigrun Eng (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:486 (2002-2003)
Innlevert: 11.04.2003
Sendt: 11.04.2003
Besvart: 24.04.2003 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Sigrun Eng (A)

Spørsmål

Sigrun Eng (A): I stamvegvedtaket og handsaminga av St.meld. nr. 53 (1990-91), der valet av korridor aust-vest vart gjennom Lærdalstunnelen E16, hadde Stortinget fleire forslag på avbøtande tiltak langs riksveg 50 og riksveg 7. Langs riksveg 50 er gangvegen nesten ferdig og samanhengande. I brev frå Hol kommune ynskjer dei svar på om det let seg gjere å fullfinansiera slutten, på i underkant av 1 mill. kr.
Kan statsråden medverke til dette?

3 vedlegg til spørsmål:

Vedlegg 1.

Brev frå Hol kummune ved ordførar Arne Skogheim om vidareføring av gangveg, Rv 50 i Hovet til samferdselsminister Torild Skogsholm. Brevet er datert 31. mars 2003.

Vedlegg 2.

Brev frå Hol kommune ved kontorleiar Ola Hassel til Statens vegvesen, Region Sør. Referanse: 02/03330 - OHA. Brevet er datert 27. mars 2003.

Vedlegg 3.

Møtebok for Hol kommune om eventuell vidareføring av gangvegen langs Rv 50 fram til Grytebrua. Arkivsaknummer: 02/03330. Arkivkode: Q2.

Begrunnelse

Torild Skogsholm (V)

Svar

Torild Skogsholm: Saka gjeld bygging av gang- og sykkelveg langs riksveg 50 i Hovet i Hol kommune i Buskerud. For å følgje opp Stortinget sitt vedtak i samband med handsaminga av trasévalet for stamvegen mellom Oslo og Bergen, er det i handlingsprogrammet for perioden 2002-2005 lagt til grunn bygging av gang- og sykkelveg langs riksveg 50 på strekningane Brattåker-Ruud og Lilleslett-Hansehaug. Gang- og sykkelvegen på strekninga Brattåker-Ruud er ferdig, medan arbeida på strekninga Lilleslett-Hansehaug vil bli fullført sommaren 2003.
Hol kommune ønskjer å forlenge det pågåande anlegget med om lag 250 meter frå Hansehaug og fram til Grytebrua. Forlenginga vil mellom anna ha nytte som turveg med tilknyting til skogsbilvegar og turområde på den andre sida av elva. Meirkostnaden er om lag 1 mill. kr. Kommunen forskotterer dei pågåande arbeida med 8 mill. kr og ønskjer å utvide forskotteringa til også å dekke forlenginga.
Statens vegvesen meiner at det ikkje er behov for å forlenge gangvegen då aktiviteten langs riksvegen på den siste strekninga er svært liten. Forlenginga er heller ikkje innarbeidd i reguleringsplanen for gang- og sykkelvegen i Hovet. Statens vegvesen meiner derfor at ei eventuell forlenging bør vere ei kommunal oppgåve.
Det er stort behov for gang- og sykkelvegar og andre trafikktryggingstiltak langs riksvegane i Buskerud og i landet elles. Eg kan ikkje sjå at det er rett å prioritere forlenging av denne gangvegen, då 1 mill. kr vil ha meir nytteverknad andre stader i fylket der behovet for tiltak er vesentleg større. Eg kan heller ikkje sjå at det er grunnlag for andre avbøtande tiltak som følgje av stamvegsaka.