Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:498 (2002-2003) Innlevert: 23.04.2003 Sendt: 24.04.2003 Besvart: 30.04.2003 av landbruksminister Lars Sponheim
Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Gjennom prosjektet "Inn på tunet - grønn omsorg" er det lagt eit grunnlag for eit nytt og spanande samarbeid mellom landbruket og dei mange oppgåvene kommunane har. Her er no verdifulle erfaringar frå samarbeid om t.d. barnevern, skule, psykiatri og mykje meir. Kva initiativ vil statsråden ta for å sikra ei god organisering slik at erfaringane kan vidareførast?
Lars Sponheim: Det nasjonale prosjektet "Grønn omsorg - Bruk av gården som ressurs for opplærings-, helse- og sosialsektoren" starta opp 1. mars 2000, og vart avslutta 31. desember 2002. Hovudmålet for prosjektet var "Gjennom landbrukets ressurser, bondens kompetanse og det miljømessige mangfold, utvikle et variert og godt tilbud til helse- og sosial-, oppvekst- og undervisningssektoren, som bidrar til å gi økt livskvalitet for brukerne og som gir økt sysselsetting/verdiskaping i landbruket". Styret for det nasjonale prosjektet foreslår m.a. fylgjande oppfylging av prosjektet:- Landbruksdepartementet må ta hovudansvar for den sentrale forankringa, i samarbeid med Barne- og familiedepartementet, Helsedepartementet, Sosialdepartementet, Utdannings- og forskingsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet. - Det må verte utvikla modellar for samarbeid med relevante kommunale etatar og fylkeskommunale institusjonar om kjøp av tenester der riktig kvalitet og riktig pris står i fokus. - Det er behov for økonomiske analyser som viser dei samla effektane av "Inn på tunet"-tiltak. - For å sikre høg kvalitet på alle tiltak er det viktig at det vert gjort evalueringar av kvaliteten på tiltaka med fokus på områder som kan betrast, økonomiske analyser, vidareutvikling.- Nødvendige økonomiske midlar må stillast til disposisjon for teknisk drift av nettstaden. Landbruksdepartementet meiner det er behov for ekstra merksemd knytt til "Inn på tunet"-tiltak. Dette fordi det representerar noko anna enn tradisjonelle helse- og sosial-, oppvekst- og undervisningstilbod, og det er ein ny måte å utnytte garden sine ressursar på. "Inn på tunet" gjev òg fleire arbeidsplassar i distrikta. I mange fylke er det, i etterkant av det nasjonale prosjektet, stor aktivitet og mykje god kontakt mellom landbruksnæringa og kommunane. Eg meiner det er viktig at ansvaret for å drive "Inn på tunet" ligg ute i regionane. Oppfylging og utvikling av "Inn på tunet"-tiltak vil nå vert ein del av fylkesmannen si landbruksavdeling og SND sitt arbeid med næringsutvikling. Det er allereie, etter initiativ frå fylkesmannen si landbruksavdeling, danna fleire nettverksgrupper på tvers av sektorar og fylker. Grupper som jobbar med til dømes kontaktformidling, erfaringsoverføring og utviklingsoppgåver. Bygdeutviklingsmidlane kan nyttast til utvikling av verksemder og tiltak. Det er òg viktig med ein nasjonal forankring og nasjonale nettverk. Landbruksdepartementet vil difor mellom anna syte for at internettsida til "Inn på tunet" vert oppretthaldt. Landbruksdepartementet har òg teke initiativ til ei oppfylging av rapporten etter det nasjonale prosjektet. I det høve vil vi, i mai 2003, halde eit møte på politisk nivå med dei departementa som har ei interesse i det tilbodet og den verdiskapinga "Inn på tunet" representerer.