Skriftlig spørsmål fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:541 (2002-2003)
Innlevert: 08.05.2003
Sendt: 09.05.2003
Besvart: 15.05.2003 av nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen

Olav Akselsen (A)

Spørsmål

Olav Akselsen (A): I samband med saka om Raufoss m.m. (St.prp. nr. 39 (2002-2003)) fatta Stortinget i januar i år vedtak der me bad Regjeringa leggje fram ei sak for Stortinget om betre forvaltning av det statlege eigarskapet. Fleirtalet understreka at Stortinget skal ha saka i tide til å handsama ho våren 2004.
Kva har statsråden gjort ovanfor Statseigarskapsutvalet for å følgje opp Stortinget sitt klare vedtak?

Begrunnelse

Da Stortinget handsama St.meld. nr. 22 våren 2002 bad Stortinget om at Regjeringa satt ned eit hurtigarbeidande utval for å få ein brei gjennomgang med sikte på ei betre organisering og forvalting av det statlege eigarskapet. Stortinget blei i ettertid gjort kjend med at Regjeringa i november 2002 nedsette eit offentleg utval, Statseigarskapsutvalet, som skal leggje fram ei offentleg utgreiing innan 1. mars 2004. Då fleirtalet ikkje kunne sjå at dette er hurtigarbeidande, og heller ikkje korleis Regjeringa kan kome attende til Stortinget med ei slik sak innan rimeleg tid, bad fleirtalet Regjeringa kome attende til Stortinget med ein plan for betre forvalting av det statlege eigarskapet slik at Stortinget kan handsama det i løpet av våren 2004.
Statsråden utalte i Stortinget den 28. januar i år at han ville gjere sitt yttarste for å få dette til, og leggje opp arbeidet deretter.

Ansgar Gabrielsen (H)

Svar

Ansgar Gabrielsen: Stortinget sitt vedtak er utfordrande i lys av Regjeringas fastsette frist for arbeidet i utvalet. Utgreiinga skal ut frå mandatet verte lagd fram innan 1. mars 2004. Ei slik offentleg utgreiing skal normalt på høyring i tre månader, etterpå må departementet ha tid til å gjere klar denne saka for Stortinget under same sesjon. Utan å korte ned fristar vil det normalt ta om lag seks månader frå ei slik utgreiing vert lagd fram til ei sak kan fremmast for Stortinget.
Eg har diskutert problematikken med leiaren av utvalet. Statseigarskapsutvalet skal vurdere særs komplekse spørsmål av konstitusjonell, forvaltingsrettsleg og forretningsmessig karakter. Ut frå omfanget og betydninga til det statlege eigarskapet i norsk næringsliv er det av stor verd at utvalet får tid til å gjennomføre eit grundig utgreiingsarbeid. Utvalet har haldt seg til den opphavlege tidsfristen når dei planla sitt arbeid og er i gang med eit omfattande og tidkrevjande utgreiingsarbeid i samsvar med problemstillingane.
Ei nedkorting av fristen til utvalet ville innebere at meir utgreiingsarbeid måtte gjerast av departementet i ein oppfølgingsfase før saka kunne leggjast fram for Stortinget. Dei problemstillingane som må handsamast er stort sett dei same, uavhengig av om departementet eller utvalet står for utgreiinga. Å korte ned fristen til utvalet kan difor gi liten samla innsparing. Saka er vidare av ein slik karakter at å forsere den departementale handsaminga med tilhøyrande nedkorting av høyringsfristar fort kan kome i konflikt med ønsket om ei forsvarleg handsaming, særleg høyring av tunge samfunnsinteresser.
I samråd med leiaren for utvalet har eg så langt ikkje korta ned fristen til utvalet. På bakgrunn av at utvalet arbeider godt med problemstillingane, har eg til formål å be utvalet om å gjere greie for sitt arbeid til departementet i haust. Ei slik utgreiing vil, saman med departementet sine eigne vurderingar, gi grunnlag for ei utgreiing om status, innhald og vidare framdrift i statsbudsjettet for 2004.