Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til helseministeren

Dokument nr. 15:557 (2002-2003)
Innlevert: 15.05.2003
Sendt: 15.05.2003
Besvart: 26.05.2003 av helseminister Dagfinn Høybråten

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Det er stadig gangpasientar på avdelingar ved Sentralsjukehuset i Rogaland, m.a. på hjarteavdelinga 4H. Dette er i strid med nasjonale målsettingar.
Kva initiativ vil statsråden for å få endra på dette?

Vedlegg til spørsmål:

Debattinnlegg frå Svein-Inge Thime i Rogalands Avis den 2. mai 2003.

Begrunnelse

Eg syner til lesarbrev i Rogalands Avis den 2. mai der situasjonen vert skildra. Eg har òg vorte kontakta av andre pasientar som er opprørte over stoda.

Dagfinn Høybråten (KrF)

Svar

Dagfinn Høybråten: Eg vil først seie at dei tilhøva som er omtala i Rogalands Avis den 2. mai ikkje er ønskjelege. Sjukehuskorridoren er ikkje eigna for pasientbehandling, og det er eit svært dårleg tilbod til sjuke menneske då det m.a. er vanskeleg å ivareta pasientane sine krav til integritet.
Eg kjenner til at overbelegg og korridorpasientar framleis er eit problem ved fleire sjukehusavdelingar, som ved avdeling 4H ved Sentralsjukehuset i Rogaland. Det er eit klart mål at vi skal ha ei sjukehusteneste der pasientar ikkje må liggje på gangen. Eg har difor i styringsdokumenta til dei regionale helseføretaka stilt krav om at dei skal ha særskilt fokus på å fjerne overbelegg og pasientar som ligg på korridor. Dette arbeidet er alt inne i ei positiv utvikling. Helsetilsynet si kartlegging frå 2002 av overbelegg og korridorpasientar viser at jamvel om det regelmessig ligg pasientar på korridor i nokre sjukehus, har talet på korridorpasientar pr. 1 000 effektive senger minska frå 47 i 1999 til 36 i 2002. Undersøkinga viste og færre utskrivingsklare pasientar pr. 1 000 effektive senger i alle helseregionane i 2002 samanlikna med 1999.
I år blir det òg, i regi av Sosial- og helsedirektoratet, etablert eit nasjonalt system for registrering og formidling av nasjonale kvalitetsindikatorar, med første publisering i september 2003. Ein av dei indikatorane som skal registrerast nasjonalt er korridorpasientar. Mi von er at det å sette fokus på omfang av korridorpasientar i seg sjølv vil stimulere til lokal forbetring.
Problemet med korridorpasientar er tett knytt til overbelegg. Dette kan ha fleire årsaker, både knytt til intern organisering i sjukehuset og til manglande tilbod og samhandling med primærhelsetenesta. Eg har gjennom styringsdokumenta bede dei regionale helseføretaka ha fokus på organisatoriske tiltak som kan leggje til rette for betre flyt i pasientbehandlinga i institusjonen, og til betre samhandling med primærhelsetenesta. Ei rad ulike tiltak innafor desse områda vil medverke til å redusere talet på pasientar som må liggje i korridor.
Helse Vest har òg, i tråd med styringssignala frå Helsedepartementet, sett fokus på problemet med korridorpasientar. Medisinsk avdeling på Sentralsjukehuset i Rogaland har i fleire år slite med overbelegg og korridorpasientar. I styringsdokumentet frå Helse Vest til Helse Stavanger har dei bede helseføretaket om å sikre at overbelegg og korridorpasientar berre skjer unntaksvis og at helseføretaket skal ha fokus på intern venting og behandlingsflyt i sjukehusa. Helse Stavanger er også pålagt å rapportere månadleg på korridorpasientar. Rapporteringa viser at det har vore ei positiv nedgang på ca. 30 pst. dei tre første månadene i 2003 samanlikna med 2002.
Helse Vest har informert meg om at Helse Stavanger har sett i gong ulike tiltak for å redusere talet på korridorpasientar, m.a. dagleg registrering i det pasientadministrative system av korridorpasientar. Det er etablert rutinar for gjennomgang av ledig sengekapasitet, og ev. flytting av pasientar. Sjukehuset har òg sett i system at overlegar med lang erfaring rettleier assistentlegar, legar og turnuskandidatar i det praktiske arbeidet ved akuttmottaket i medisinsk klinikk, dvs. at dei gir råd knytte til konkrete problem, som samarbeidet med allmennlegane, utnytte behandlingskapasiteten i større delar av døgnet, i tillegg til å leggje opp til betre behandlingsopplegg for medisinske pasientar. Det er òg sett i gong fleire prosjekt for å betre intern pasientflyt for pasientar med kroniske sjukdomar, som KOLS og hjartesvikt.
Helse Stavanger har vidare laga samarbeidsavtalar med kommunane i opptaksområdet om utskrivingsklare pasientar. Talet på utskrivingsklare pasientar er gradvis redusert dei siste åra, men talet er framleis for høgt. I år har talet vore på mellom 16 og 21 pasientar totalt. Av desse har mellom 1 og 5 pasientar venta meir enn ti dagar. Dette er pasientar som kommunane har betalingsplikt for.
Styret i Helse Stavanger har òg vedtatt å byggje eit nytt akuttmottak med eigen observasjonspost med 60 senger og eit pasienthotell med 70-100 senger. Utbygginga er tenkt ferdig om 1 1/2 til 2 1/2 års tid, føresett at finansieringsplanen blir godkjend.
Med bakgrunn i dei føringane som er gitt i styringsdokumenta og dei tiltaka som er sette i gong i Helse Stavanger HF for å redusere talet på korridorpasientar, har eg tillit til at Helse Vest RHF arbeider på ei konstruktiv måte for å nå målsettinga om at det berre unntaksvis skal vere pasientar i korridor ved Sentralsjukehuset i Stavanger. Liknande tiltak skjer og i dei andre helseføretaka i landet, slik at dei og kan nå målet om at pasientar ikkje skal måtte liggje i ein sykehuskorridor.