Skriftlig spørsmål fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:580 (2002-2003)
Innlevert: 20.05.2003
Sendt: 21.05.2003
Besvart: 23.05.2003 av nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen

Olav Akselsen (A)

Spørsmål

Olav Akselsen (A): I Statkraft sin årsrapport for 2002 kjem det fram av styret sin årsberetning at styret i 2002 har søkt eigaren, altså staten, om at det vart tilført ny eigenkapital til selskapet.
Kva gjer Regjeringa med styret sin søknad?

Begrunnelse

Bortfallet av statsgarantiar for nye lån etter endringa av lov om statsføretak, vil i samsvar med styret i Statkraft svekke selskapet sin konkurransekraft og kredittverde dersom eigenkapitalen ikkje styrkast. Statkraft sin kapitalstruktur er etter styret ikkje tilpassa ein situasjon utan garanti. Etter styret sin vurdering er ein kapitalforsterking heilt nødvendig for å kompensere verknaden av endringane i selskapet sine rammevilkår ved at statsgarantiane no er fjerna. På den bakgrunn har styret søkt eigaren om meir eigenkapital.

Ansgar Gabrielsen (H)

Svar

Ansgar Gabrielsen: Statkraft har søkt om meir eigenkapital som følgje av bortfall av statsgarantiar og den planlagde omdanninga til statsaksjeselskap. Denne søknaden er til vurdering. Nærings- og handelsdepartementet har ein nær dialog med selskapet om kapitalsituasjonen og ein eventuell omdanning til statsaksjeselskap.
I vurderinga av kapitalsøknaden er det mange komplekse spørsmål som må handterast. Blant anna må effekten av konkurransestyresmaktene sitt pålegg om sal av store eigendelar vurderast. Vidare er det nødvendig å sjå korleis gjeldsbyrden for selskapet utviklar seg, og kva for krav som må oppfyllast for at selskapet skal kunna få ein tilfredsstillande kredittvurdering hos långjevarar. Kapitaliseringa må sjåast i samanheng med den strategi som Statkraft skal fylgje i åra som kjem.
Eg vil òg vurdere å sjå kapitaliseringa i samanhang med val av tilknytingsform, om selskapet framleis bør vera eit statsføretak, eller om det bør endrast til eit aksjeselskap. I denne samanhengen må også behandling av skattespørsmål og dokumentavgift vurderast.
I vurderinga vil det bli lagt vekt på Stortinget og regjeringa sine målsetjingar for Statkraft, slik dei går fram av St.meld. nr. 22 (2001-2002) og Innst. S. nr. 264 (2001-2002). Det vil bli fremma ein sak for Stortinget så snart det er tatt stilling til søknaden.