Skriftlig spørsmål fra Sigvald Oppebøen Hansen (A) til kultur- og kirkeministeren

Dokument nr. 15:625 (2002-2003)
Innlevert: 02.06.2003
Sendt: 03.06.2003
Besvart: 11.06.2003 av kultur- og kirkeminister Valgerd Svarstad Haugland

Sigvald Oppebøen Hansen (A)

Spørsmål

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Kulturdepartementet har ved fleire høve varsla at dei går inn for å omdanne Norsk språkråd til "Kompetansesenter for norsk språk". Det er enno ikkje lagt fram noko kultur- eller språkpolitisk premissdokument om grunnlaget for ei slik omlegging, og kva mål og arbeidsmåtar det nye språkpolitiske organet skal ha. Eg vil minne om den grundige handsaminga som låg til grunn for Norsk språkråd, den såkalla Vogt-utgreiinga.
Har statsråden no planar om å setje i gang eit liknande utgreiingsarbeid?

Valgerd Svarstad Haugland (KrF)

Svar

Valgerd Svarstad Haugland: Eg har ikkje no planar om setja i gang ei større utgreiing av tilsvarande karakter som det arbeidet Vogt-komiteen gjennomførte på 1960-talet. Derimot er vi godt i gang med den utgreiings- og omdanningsprosessen som departementet gjorde greie for bakgrunnen for og premissene for i St.prp. nr. 1 (2002-2003), og som Stortinget ikkje hadde merknader til. Både språkpolitiske premisser og framtidige mål og arbeidsmåtar inngår i dette utgreiingsarbeidet, der også eksterne aktørar og interessegrupper vil bli trekte inn.
Spørsmålet om framtida for Norsk språkråd har stått på dagsorden i mange år. Initiativet til ei omlegging kom opphavleg frå Språkrådet sjølv, og departementet nemnde saka fyrste gongen i budsjettproposisjonen for 1997. Styret i Språkrådet utarbeidde den gongen eit omfattande notat om Norsk språkråd sine framtidige arbeidsoppgåver og organisasjonsform. Dette utgjorde grunnlaget for eit eige kapittel om Norsk språkråd i St.meld. nr. 13 (1997-98) Målbruk i offentleg teneste. Her vart det teke til orde for å oppgradera Norsk språkråd til eit statleg instrument i eit langsiktig og effektivt språkvernarbeid. Det heitte at Norsk språkråd måtte bli eit meir utoverretta organ, der informasjon og haldningsskapande arbeid stod sentralt. Stortinget slutta seg til dette gjennom handsaminga av Innst. S. nr. 174 (1997-98) våren 1998. Korleis saka har vore behandla seinare, er det gjort greie for i St.meld. nr. 9 (2001-2002) Målbruk i offentleg teneste. Heller ikkje ved dette høvet hadde Stortinget innvendingar, jf. Innst. S. nr. 109 (2001-2002). Departementet vil koma tilbake til saka mellom anna i den varsla kulturmeldinga og i budsjettproposisjonen for 2004.