Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til arbeids- og administrasjonsministeren

Dokument nr. 15:782 (2002-2003)
Innlevert: 25.09.2003
Sendt: 26.09.2003
Besvart: 03.10.2003 av arbeids- og administrasjonsminister Victor D. Norman

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): Kleven Florø-Førde har denne veka sendt oppseiing til 350 tilsette, noko dei hevdar kunne vore unngått om den gamle permitteringslova hadde gjelde. Verksemda har før i år sagt opp 212 tilsette på grunn av ordretørke. I revidert nasjonalbudsjett vedtok eit samla storting at Regjeringa i forskrift kan gi unntak frå 26-vekersregelen for enkelte næringar.
Kva er grunnen til at Regjeringa har vald ei heilt ny ordning, framfor å gå tilbake til den gamle "52- vekersregelen" for dei næringane som søkjer om unntak?

Victor D. Norman (H)

Svar

Victor D. Norman: Som kjend vedtok Stortinget i juni 2003 å endre permitteringslova såleis at departementet kan gje unnatak frå 26-ukersregelen for einskilde næringar. Frå Stortinget si side vart det ikkje nemnd kor lenge unnataka skulle vare.

Departementet fastsette i forskrift eit unnatak frå 26-vekersregelen for ein del næringar fram til 1. november 2003. Departementet utvidar nå forskrifta til å gjelde ut året 2003.