Skriftlig spørsmål fra Jorunn Ringstad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:16 (2003-2004)
Innlevert: 06.10.2003
Sendt: 07.10.2003
Besvart: 10.10.2003 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Jorunn Ringstad (Sp)

Spørsmål

Jorunn Ringstad (Sp): Forhandlingane mellom Posten og representantar for lokalaviser i samband med varsla auke av porto, er no sluttført.
Kva vil statsråden gjera overfor Posten når ein ser dei konsekvensane den varsla auke får for lokale og regionale aviser, og kven skal ta ansvaret for at mangfaldet av lokalaviser skal kunne overleve?

Begrunnelse

Etter avslutta forhandlingar mellom Posten og avisene, kan ein no sjå konsekvensane av den auke i porto som skal innførast på aviser og blad.
For mange av lokalavisene vil dette få så store økonomiske konsekvensar at dei ikkje lenger har økonomi til å oppretthalde drifta. Dette vil og får store ringverknader, mellom anna for små lokale trykkeri.
I konsesjonen til Posten er det lagt vekt på ikkje-diskriminerande vilkår for prisfastsetjing og Samferdselsdepartementet har tidlegare gjeve si vurdering av korleis konsesjonen bør tolkast med omsyn til fastsetjing av porto ved distribusjon av blad og aviser departementet har og langt vekt på at ei eventuell endring av konsesjonen ville vera uheldig då dette kan virke konkurransevridande. Konsekvensane av dette vert færre lokalaviser. Det er vanskeleg å forstå at ikkje statsråden og meiner at dette er uheldig. Slik det ser ut no, verkar konsekvens av auka krav til avkasting å vera viktigare enn oppretthalding av lokalaviser.
Posten grunngjev mellom anna si auke av porto med at Posten ikkje har noko kulturpolitisk ansvar.
Eg vil be statsråden ta initiativ til tiltak overfor Posten slik at ein hindrar dei dramatiske konsekvensane som det nå ser ut til å verta av den varsla auken av porto for aviser og blad.

Torild Skogsholm (V)

Svar

Torild Skogsholm: Posten er for tida i forhandlingar med Landslaget for Lokalaviser og Mediebedriftenes Landsforening i samanheng med overgang til ny prisstruktur og kostnadsbaserte prisar. Forhandlingane er pr. dato ikkje sluttført. Eg kan ikkje kommentere prisstrukturen konkret under forhandlingane. Posten Norge AS er eit sjølvstendig aksjeselskap og det er styret for Posten som fastsett portotakstar utanfor einerettsområdet. Eg vil understreka at omlegginga av prisfastlegging for avisporto vil finne stad gradvis, og at kulturpolitiske omsyn ikkje er sett til sides i vurderingane som er gjort. I konsesjonen til Posten Norge AS (Posten) av 26. september 2001, punkt 3.4, heiter det at Posten skal tilby formidling av leveringspliktige tenester til kostnadsbaserte prisar og på objektive, oversiktlege og ikkje-diskriminerande vilkår.

Distribusjon av aviser og blad er ei leveringspliktig teneste. Kostnader til porto i denne samanheng er omfatta av kravet til kostnadsbasering i konsesjonen til Posten.

Posten har fram til i dag praktisert redaksjonelt innhald som kriterium ved fastsetting av porto for aviser og blad. Posten si praktisering er i strid med kravet i konsesjonen til utrekning av kostnader på transparente vilkår. Eit kriterium basert på innhald kan og være i strid med EU sitt postdirektiv (97/67/EF). Artikkel 12 i postdirektivet krev at det vert utrekna kostnadsbaserte prisar for leveringspliktige tenester.

Det er Post- og teletilsynet (tilsynet) som kontrollerer at vilkåra i konsesjonen blir etterlevde. Etter klager over praktiseringa til Posten av innhald som kriterium ved prisfastlegging av blad- og avisporto, ba tilsynet Posten om å endre vilkåra for prisfastlegging frå praktisering av innhald som kriterium til eit kostnadsorientert regime. I brev av 23. juni 2003 skisserte Posten ein tidsplan fram til full omlegging av prisstrukturen (frå 1. januar 2005).

Samferdselsdepartementet ga i brev av 8. september 2003 vurderingar om korleis konsesjonen bør tolkast med omsyn til prisfastlegging for porto ved distribusjon av blad og avisar. Posten har 24. september sendt tilsynet ein revidert plan for full omlegging av prissystemet for å fjerne innhald som eit av vilkåra for prisfastsetting av blad- og avisporto. Posten viste til at dei i tråd med departementet si tilråding i brev av 8. september til tilsynet, vil auke tida for gjennomføring av omlegging til ny prisstruktur med ytterlegare eit år, det vil seie fram til 1. januar 2006. Posten har i denne samanheng analysert kostnadselementa i Posten si verdikjede (og avisdistribusjonstenesta), og konkludert med at innhaldskriteria ikkje kan fjernast utan at pris og prismodell gjennomgår vesentlege endringar.

Ein føresetnad både frå tilsynet og departementet er at tidsplanen frå Posten skal innebere ein gradvis overgang frå prisfastsetting etter innhald til full omlegging til kostnadsbaserte prisar i samsvar med føresetnaden i konsesjonen. Tilsynet konkluderte på denne bakgrunn i brev av 1. oktober 2003 til Posten med at tidlegare varsel om tvangsmulkt for brot på konsesjonsplikta kostnadsbasert blad- og avisporto fell bort.

Samferdselsdepartementet vil peike på at det i konsesjonen til Posten er stilt krav om at Posten gjennom eit produktregnskap skal kunne dokumentere at inntekter frå einerettsområdet ikkje vert nytta til å kryssubsidiere konkurranseutsette tenester korkje innanfor eller utanfor basistenestene, unnateke når kryssubsidieringa er ledd i finansieringa for å oppretthalde eit samfunnspålagt servicenivå utover det som er bedriftsøkonomisk lønsamt. Gjennom produktregnskapet skal Posten og dokumentere at prisane på tenestene står i høve til kostnadene.

Kva utfallet av forhandlingane mellom avisorganisasjonane og Posten blir, og kor hardt lokalavisane blir ramma, er som nemnt ikkje endeleg avklara. Avisdistribusjon er ei teneste som fullt ut er konkurranseutsett for Posten (utanfor einerettsområdet). Kryssubsidieringa som har funne stad har vore i strid med konsesjonen og kan virke konkurransevridande. Eg vil elles vise til at som eit ledd i mediepolitikken tek lokalavisane imot statleg støtte gjennom den generelle pressestøtta.

Jeg viser videre til min besvarelse datert 19. september 2003 på skriftlig spørsmål nr. 765 (2002-2003) fra stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa, og til min besvarelse av 10. oktober 2003 på skriftlig spørsmål nr. 11 (2003-2004) fra stortingsrepresentant Lena Jensen. Kopi av brevene følger vedlagt.

2 vedlegg til svar:

Vedlegg 1.

Skriftlig spørsmål nr. 765 (2002-2003) fra stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa til samferdselsministeren.

Internett:

http://epos.stortinget.no/database/epos/spmliste.stm?sakid=27676&vismeny=skrspm&Sesjon=2002-2003

Vedlegg 2:

Skriftlig spørsmål nr. 11 (2003-2004) fra stortingsrepresentant Lena Jensen til samferdselsministeren.

Internett:

http://epos.stortinget.no/database/epos/spmliste.stm?sakid=27847&vismeny=