Skriftlig spørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:162 (2003-2004)
Innlevert: 25.11.2003
Sendt: 26.11.2003
Besvart: 03.12.2003 av miljøvernminister Børge Brende

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): Plan- og bygningslova inneheld mellom anna krav om konsekvensutgreiing (KU) i samband med ulike tiltak. Til dømes seier lova at tiltakshavar skal gjennomføre KU ved utvinning av mineral dersom volumet er over 750 000 kubikk.
Meiner miljøvernministeren at intensjonen i lova vert ivareteken når tiltakshavar deler opp prosjektet slik at ein først søkjer om og tek ut 750 000 kubikk, og deretter satsar på ny søknad/eventuelt KU før ein held fram med vidare drift?

Begrunnelse

Eit fleirtal i Volda kommunestyre godkjende nyleg ein reguleringsplan med utgangspunkt i søknad om uttak av olivin i Steinsvik i Volda kommune. I søknaden søkjer tiltakshavar om å ta ut 750 000 kubikk, altså like under kravet om KU. I Sunnmørsposten 13. november seier tiltakshavar at planen er å ta ut 750 000 kubikk (som søknaden no lyder på), deretter gjennomføre KU og så auke produksjonen vesentleg.
Bergvesenet sin uttale gjev same konklusjon: "På grunn av reglane for krav om KU er uttaksvolumet avgrensa til 750 000 kubikk. Med omsyn til økonomien i prosjektet vil det etter Bergvesenet sitt syn vere naudsynt å ta ut eit større volum enn det som reguleringsplanen avgrensar. Det vil ikkje vere økonomisk forsvarleg å basere prosjektet på uttak av eit avgrensa volum, og det vil heller ikkje vere forsvarleg med omsyn til ressursutnytting. Om det skal setjast i gong drift på førekomsten må ein større del enn det som reguleringsplanen legg opp til kunne utnyttast."
Spørsmålet mitt er om ikkje intensjonen med kravet om KU fell bort dersom ein på denne måten kan utføre inngrepa (tunnelinnslag, riggområde, vegbygging, prosessanlegg og utskipingsanlegg) før ein må utføre KU. Inngrepa skjer i ei vakker bygd, i ein av to attverande lågareliggande fjelldalar utan vesentlege inngrep i kommunen og vil kome i konflikt med viktige naturverdiar, friluftsliv og kulturminne.
Anleggsdrifta vil også ha følgjer i form av støy, støv og avrenning som etter mitt syn ikkje er tilstrekkeleg utgreidde i reguleringsplanen.
Dei signal lokale motstandarar har fått frå departementet tyder på at ei slik omgåing av lovverket er i strid med intensjonane i lova, men eg vil gjerne høyre statsråden sitt syn på om kommunen som arealforvaltar her formelt handlar i strid med lovverket ein er sett til å forvalte.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Kompetansen til å avgjøre om et massetak faller inn under regelverket om konsekvensutredninger (KU) er lagt til Bergvesenet som ansvarlig myndighet. Ansvarlig myndighets vurdering av om et tiltak er utredningspliktig eller ikke, kan ikke påklages og Miljøverndepartementet har ingen myndighet til å overprøve ansvarlig myndighets vurdering i enkeltsaker.
Den juridiske situasjonen er at eventuelle feil ved ansvarlig myndighets vurdering som fører til at utredningsplikt blir forsømt, er saksbehandlingsfeil som kan gi grunnlag for klage på reguleringsvedtaket som konsekvensutredningen skal ligge til grunn for. En eventuell saksbehandlingsfeil vil kunne føre til at vedtaket om reguleringsplan blir ugyldig dersom det er grunn til å regne med at feilen kan ha virket bestemmende på vedtakets innhold, jf. forvaltningsloven § 41. Eventuell klage på reguleringsvedtaket må fremmes innen 3 uker etter kunngjøringen av planen og vil bli behandlet av fylkesmannen etter forvaltningslovens regler.
Fra kommunen får vi opplyst at kommunestyret i Volda vedtok reguleringsplan for tiltaket den 20. november 2002 og at vedtaket vil bli kunngjort i løpet av kort tid. Videre at det fremgår av reguleringsbestemmelse til planen at masseuttaket er begrenset til inntil 750 000 kubikk. Uttak utover dette vil således være i strid med reguleringsplanen og kreve endring av planen, eventuelt dispensasjon fra denne.