Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:176 (2003-2004) Innlevert: 28.11.2003 Sendt: 01.12.2003 Rette vedkommende: Nærings- og handelsministeren Besvart: 08.12.2003 av nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen
Heidi Grande Røys (SV): Innovasjonsundersøkinga 2001 kartlegg innovasjonsmønstre i norske verksemder. I undersøkinga vert det m.a. spurt om hinder for innovasjon.Kan statsråden, med utgangspunkt i resultata frå denne undersøkinga, gi ei vurdering av i kva grad mangel på kapital synest å vere eit hinder for innovasjon for verksemder lokalisert i distrikta (A, B og C området) samanlikna med D og E områda, og gi òg gi ei vurdering av kva hinder for innovasjon som er mest framtredande i ulike regionar og næringar?
Ansgar Gabrielsen: Spørsmålet er overført frå finansministeren.Når det gjeld spørsmålet om mangel på kapital er eit hinder for innovasjon, er det naturleg å skilje mellom etablerte føretak og nyetablerte føretak. Etablerte føretak har tilgang til kapital gjennom eiga inntekt. Nyetablerte føretak har i liten grad tilgang til slik finansiering fordi utgiftene normalt er større enn inntektene i etableringsfasen. Nyetablerte føretak vert difor spesielt sårbare for svingingar i tilbodet av risikokapital. Kapitalmarknaden i dag vert beskrive som relativt "tørt". Dette heng saman med utviklinga på Oslo Børs og den økonomiske utviklinga generelt. Difor er det i dag vanskelegare å skaffe kapital til nyskapingsprosjekt enn for få år sidan. Dette gjeld uavhengig av kvar i landet prosjekta finn stad. Samstundes har dei skatte- og avgiftslettene Regjeringa og Stortinget har gjennomført dei siste åra betra fortenesta til føretaka etter skatt, og slik styrka tilgangen på kapital til både nye og eksisterande føretak. Investeringar i ressursar som kompetanse og innovasjon har tradisjonelt vore vurdert som vanskelegare å finansiera i distrikta enn i sentrale strok. Dette har delvis vore forklart med at det i distrikta er større problem med tilførsel av eigenkapital. Det heng og saman med at det somme stader er liten alternativ utnytting av investert kapital. Stortinget har difor, på bakgrunn av Regjeringa sitt forslag, vedteke å opprette fire nye regionale såkornfond. Fonda skal, gjennom samfinansiering med investorar, tilby kompetent risikokapital til nyskapingsprosjekt i distrikta. Dette tiltaket vil styrke tilbodet av risikokapital.Om ein ser på den totale nyskapingsaktiviteten i Noreg, er det flest nyskapingsprosjekt i byregionane. Dette skuldast at byregionane har best grunnlag for innovasjon pga. næringsstruktur og FoU-miljø. Klare tilbakemeldingar frå både dei som etterspør og tilbyr risikokapital, er at det er i byregionane ein i dag finn størst ubalanse mellom etterspurnad og tilbod av risikokapital. Når det gjeld faktorar som påverkar graden av innovasjon i ulike regionar og næringar, er folk sitt utdanningsnivå, regionen sin næringsstruktur, storleiken på føretaka og FoU-intensitet på region- og føretaksnivå, viktige faktorar.