Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til helseministeren

Dokument nr. 15:200 (2003-2004)
Innlevert: 09.12.2003
Sendt: 09.12.2003
Besvart: 18.12.2003 av helseminister Dagfinn Høybråten

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Kva vil statsråden medverka til for å halda på verdfull kompetanse ved Sentralsjukehuset i Rogaland og dermed medverka til at innbyggjarane i Rogaland framleis har tillit til sjukehuset og kjenner tryggleik for eit forsvarleg helsetilbod?

Begrunnelse

I fleire veker har tilhøva ved Sentralsjukehuset i Rogaland (SiR) vore omtala i media. Det er avdekka djupe motsetnader og stigande frustrasjon mellom dei tilsette. Med aukande uro fylgjer lokalbefolkninga ei utvikling som kan føra til at den utmerka medisinske kompetansen som mødesamt er bygt opp over mange år vert riven ned, med dei dramatisk fylgjene det får for kvaliteten på medisinsk handsaming og omsorg. Eg ber statsråden som øvste ansvarlege for helseføretaka, snarast setja seg inn i tilhøva ved SiR og medverka til at organisasjonen kjem ut or den negative og øydeleggjande sirkelen dei no synest å vera inne i.

Dagfinn Høybråten (KrF)

Svar

Dagfinn Høybråten: Helsedepartementet har det overordna ansvaret for at den offentlege helsetenesta fungerer i samsvar med dei fastsette målsetjingane for helsepolitikken. Gjennom føretaksmodellen er det etablert eit system med desentrale ansvarsposisjonar for å følgje opp dette ansvaret, utan at det opphevar ansvaret som er lagt på Helsedepartementet. Det følgjer dertil av modellen at Helsedepartementet si styring og oppfølging skal skje overfor dei regionale helseføretaka, og for tilhøve som gjeld helseføretaka. Dette gir rammene for departementet si handsaming og oppfølging av dei tilhøve som ligg til grunn for det aktuelle spørsmålet, både personalsak og budsjettprosess for 2004.
Eg er einig i at iverksetting av helsepolitikk, og det å oppnå tillit og tryggleik i befolkninga, ikkje kan lykkast dersom det ikkje er ein god dialog og godt samarbeid med dei mange som helsetenesta kjem i kontakt med. Dette gjeld pasientane og deira organisasjonar, arbeidstakarar og deira organisasjonar, og i tillegg gjeld det dei regionale og lokale politiske miljøa i dei områda der føretaka skal yte sine tenester.
Fleire element i føretaksmodellen og måten modellen skal nyttast på, støttar opp om dette. Tilsette si deltaking i styre er eit viktig trekk for å sikre at synspunkta til dei tilsette blir godt tatt vare på.
Ein har satt i gang ein gjennomgåande modell med brukarutval i føretaka. På den måten vil pasientane sine synspunkt systematisk gå inn i handsaminga av vedtaka.
Alle dei fem regionale helseføretaka har og oppretta ordningar for dialog med fylkeskommunane og berørte kommunar. Dette er grunnlaget for det ansvar leiinga i føretaka har for å sikre ein god kontakt med dei mange som kjem i kontakt med tenesta. Dette opphevar ikkje at omstillingsprosessar er krevjande, ikkje minst i forhold til leiinga på dei ulike nivåa.
Når det gjeld dei aktuelle sakane i Stavanger veit eg at det blir arbeidd aktivt i Helse Stavanger, og at også Helse Vest er inne i sakane og følgjer dei opp.
Eg vil peike på at Helsedepartementet i styringsdokumenta til dei regionale helseføretaka har bedt serskilt om at det blir lagt vekt både på ein god prosess og god informasjon i samband med omstillingstiltaka, og at ein sikrar innsyn og deltaking. Ved å trekkje dei som kan bli omfatta av endringane tidleg inn i prosessane, og ved å sikre aktiv informasjon kan ein auke tryggleik og forståing både kva gjeld for avgjerda og i høve til gjennomføring av tiltaka. Eg er samd i at dette er ei stor utfordring og ein viktig premiss for å sikre tryggleik og tillit i befolkninga for tenestetilbodet i helseføretaka, og eg vil difor følgje dette området nøye framover.