Bjørn Jacobsen (SV): Kor mykje kostar utbygginga på Romsdalshalvøya og kor mykje og meir ville det ha kosta å legge ein sjøkabel frå Eresfjord og ut til der det i alle høve kjem sjøkabel frå Vestnes i staden, og kor mykje ville det ha kosta å lagt leidningen i jord såpass at oppsittarane på sørsida av fjorden kunne ha vore nøgd med løysinga i forhold til dei merknadane som har komme inn frå dei?
Begrunnelse
Statnett vil bygge kraftleidningar fram til Ormen Lange-anlegget i Aukra. Leidningane kjem i konflikt med fritidsområde, naturvernområde, hyttefelt, gardsbruk og bustader på begge sider av Romsdalsfjorden.