Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:229 (2003-2004)
Innlevert: 15.12.2003
Sendt: 16.12.2003
Besvart: 08.01.2004 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Linjegods AS er det største kunden til CargoNet AS frå Stavanger. Dersom dei ikkje får klarlagt innan utgangen av januar om og på kva vilkår dei kan få kjøpa tomt knytte til den nye godsterminalen på Ganddal, vil dei flytta til Forus eller Risavika.
Er statsråden kjent med dette, og vil ho ta naudsynte initiativ for å hindra at Linjegods AS flytter bort frå jernbanelina?

Vedlegg til spørsmål:

Artikkel i Stavanger Aftenblad 4. desember 2003 vedrørande "Linjegods kan droppe Ganddal".

Internett:
http://aftenbladet.no/nyheter/lokalt/article.jhtml?articleID=181713

Begrunnelse

Eg syner til vedlagte avisartikkel i Stavanger Aftenblad 4. desember 2003. Her går det fram at Linjegods AS er i ein svært vanskeleg situasjon og difor må satsa på ny tomt og nye lokaler relativt langt frå dei nye areala på Ganddal. Dette vil svekka godsmiljøet på Ganddal kraftig, og det vil svekka jernbanen si konkurranseevne som transportør av gods. Endeleg fastsetting av starttidspunkt for bygginga kjem seinast i budsjettproposisjonen for 2005, jf. Budsjett-innst. S. nr. 13 (2003-2004).
Ny godsterminal vil auka godskapasiteten frå Stavanger-regionen monaleg. For å utnytta dette, er det avgjerande at ein både tek vare på gamle kundar og skaffar nye. Bare slik kan me oppnå målsetjinga om å få meir gods over frå veg til bane, ei målsetjing som har brei tilslutnad i Stortinget.

Torild Skogsholm (V)

Svar

Torild Skogsholm: Eg er kjent med saka bl.a. gjennom media, jf. artikkelen i Stavanger Aftenblad 4. desember 2003. Eg er òg kjent med saka ved brev frå CargoNet AS til Samferdselsdepartementet. Det kjem fram av brevet frå CargoNet at selskapet er negativt innstilt til ein ev. OPS-finansiering av Ganddal godsterminal, og forutset at prosjektet blir finansiert på ordinær måte over statsbudsjettet. Jernbaneverket har i møte med CargoNet blitt kjent med at dagens terminal til Linjegods AS i Paradis er i dårleg stand, og at Linjegods treng ei avklaring om når ein ny terminal på Ganddal kan stå ferdig samt at selskapet i mangel av ei slik avklaring vurderer alternativ lokalisering for sin terminal.
Eg er oppteken av å legge tilhøva til rette for å få godstransport over på jernbanen og er samd i at bygginga av godsterminalen på Ganddal er eit viktig verkemiddel i denne samanheng. Eg kan likevel ikkje "hindra at Linjegods AS flytter vekk frå jernbanelinja" dersom selskapet ynskjer det. Det eg kan og vil arbeide vidare med, er å gjere jernbanen meir attraktiv som godsbærer. Det gjeld både for Linjegods og for andre aktørar i godsmarknaden. Eg legg til grunn at fasilitetane ved Ganddal godsterminal, samt areal i tilknytting til godsterminalen, kan tilbys til konkurransedyktige vilkår når terminalen er ferdigbygd.
Ny godsterminal på Ganddal er eit høgt prioritert prosjekt, og Samferdselsdepartementet og Jernbaneverket prioriterar i utgangspunktet bygging av ny godsterminal på Ganddal før bygging av nytt dobbeltspor mellom Sandnes og Stavanger, i samsvar med samferdselskomiteen sin fleirtalsmerknad i Budsjett-innst. S. nr. 13 (2003-2004).
Som for alle andre jernbaneprosjekt vil oppstart av utbygginga av Ganddal godsterminal bli handsama på det tidspunkt prosjektet blir teke opp til løyving. Eg har merka meg at Linjegods uttalar til Stavanger Aftenblad at dei ikkje har marginar til ev. å forskottere godsterminalen på Ganddal. Samferdselsdepartementet vil difor i samband med arbeidet med forslag til statsbudsjett for 2005 vurdere om det er mogeleg å starte opp prosjektet i 2005.