Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:241 (2003-2004)
Innlevert: 18.12.2003
Sendt: 18.12.2003
Besvart: 06.01.2004 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Meiner statsråden at det er ein rimeleg konsekvens av dagens regelverk at Hasvik kommune misser regionaltilskotet for eitt år grunna høg skatteinngang i 2002, eller kjem ho til å gjere noko i denne saka?

Begrunnelse

Hasvik kommune er i ein situasjon der dei misser regionaltilskotet for 2004. Dette utgjer for denne kommunen 8,1 mill. kr. Grunnen til dette er at kommunen i 2002 fekk ekstraordinære skatteinntekter som følgje av vinstbeskatning på aksjesal. Tre skatteytarar i kommunen fekk ein ekstraskatt på 17,5 mill. kr. Dette er skatt som er ilagt eit aksjeselskap, skatten tilfall difor ikkje kommunen, men staten. Likevel medførte dette at kommunen sine skatteinntekter i statistikken, men ikkje reelt, overstig 110 pst. av landsgjennomsnittet. Kommunen får såleis difor ikkje regionaltilskot.
Hasvik kommune er ein av fleire kystkommunar i Finnmark som slit tungt, med konkursar innan tradisjonelle næringar, høg arbeidsløyse og fråflytting. Ut frå desse utfordringane er Hasvik inne i ein kraftig omstillingsfase. Det synest heilt naudsynt at kommunen spelar ei sentral rolle. Eg vonar statsråden vil sjå nøye på situasjonen til Hasvik med sikte på å medverka til ei løysing.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: For å kunne få regionaltilskot må kommunen ha færre enn 3 200 innbyggjarar og ha lågare skatteinntekter per innbyggjar enn 110 pst. av landsgjennomsnittet. I retningslinene for tildeling av skjønnstilskot står det at kommunar som mister regionaltilskotet frå det eine til det andre året fordi skatteinntektene overstiger 110 pst. av landsgjennomsnittet, bør vurderast kompensert gjennom skjønnsmidlar.
Hasvik kommune mister regionaltilskotet for 2004 fordi kommunens skatteinntekter i 2002 var 113 pst. av landsgjennomsnittet. For kommunen utgjer dette isolert sett eit tap på 8,1 mill. kr. Kommunal- og regionaldepartementet har på denne bakgrunn tildelt Hasvik kommune 5 mill. kr i ekstra skjønnstilskot. Fylkesmannen i Finnmark har også tildelt kommunen 1 mill. kr ekstra skjønnstilskot. Hasvik kommune har såleis fått 6 mill. kr i ekstra tilskot som kompensasjon for bortfall av regionaltilskotet.
Eg vil presisere at det bare er kommunens skatteinntekter som er tatt med i berekninga av skattenivået på 113 pst. av landsgjennomsnittet.