Skriftlig spørsmål fra Eli Sollied Øveraas (Sp) til kultur- og kirkeministeren

Dokument nr. 15:287 (2003-2004)
Innlevert: 20.01.2004
Sendt: 22.01.2004
Besvart: 28.01.2004 av kultur- og kirkeminister Valgerd Svarstad Haugland

Eli Sollied Øveraas (Sp)

Spørsmål

Eli Sollied Øveraas (Sp): Ved namngjeving av dei nye helseføretaka, har fleire sjukehus fått namn som bryt med vanleg norsk namneskikk. Fleire statlege helseføretak har og handla utan å ta omsyn til lov om målbruk i offentleg teneste, trass i at statsråden tidlegare har gitt uttrykk for at føretaka fell inn under verkeområdet for denne lova.
Vil kulturministeren foreta seg noe for å sikre at helseføretaka følgjer lov om målbruk i offentlig teneste?

Begrunnelse

I rundskriv av 19. september 2001 frå Kulturdepartementet heiter det:

"Det er fastsett i § 4 i forskriftene til mållova at statsorgan skal ha namneformer både på bokmål og nynorsk dersom det ikkje høver med eit felles namn i dei to målformene. Namneformene blir fastsette av departementa i samråd med vedkomande statsorgan. Kulturdepartementet har i samråd med Norsk språkråd tilsyn med at namna følgjer gjeldande rettskriving (læreboknormalen)."

I eit svar frå kulturministeren, datert 24. januar 2002, på eit skriftleg spørsmål frå underteikna, heiter det: "Når det gjeld dei nye føretaka som no er danna med heimel i helseføretakslova, er det Kultur- og kyrkjedepartementet si vurdering at tilknytinga til staten er så sterk at vi førebels har trekt den konklusjonen at dei klart fell inn under verkeområdet for gjeldande mållov."

Valgerd Svarstad Haugland (KrF)

Svar

Valgerd Svarstad Haugland: Det er rett at Kultur- og kyrkjedepartementet i 2002 etter ei nærmare vurdering trekte den konklusjonen at helseføretaka etter gjeldande rett må reknast som organ for staten etter lov om målbruk i offentleg teneste, og at dei fullt ut vil vera omfatta av dei relevante føresegene i denne lova og dei tilhøyrande forskriftene. Vår vurdering er lagd fram for Helsedepartementet, og merknader er til no ikkje mottekne. Det er i denne situasjonen naturleg at det i første omgang er opp til Helsedepartementet å følgja opp saka.
I kulturmeldinga som no ligg til behandling i Stortinget, er det i kap. 12.6 gjort nærmare greie for den vurderinga Kultur- og kyrkjedepartementet har gjort av helseføretaka etter gjeldande rett. Meldinga legg opp til at også nye reglar om verkeområdet for mållova bør utformast slik at helseføretaka fell innanfor.
Eg gjer for ordens skyld merksam på at mållova ikkje inneheld reglar som inneber at namn på sjukehus må følgja "vanleg norsk namneskikk". Derimot er det rett at det må finnast to parallelle namneformer dersom det ikkje høver med same namneforma på bokmål og nynorsk. Av dei fem regionale helseføretaka vil dette gjelda to. Den parallelle nynorske namneforma for desse vil vera Helse Aust og Helse Midt-Noreg.