Eli Sollied Øveraas (Sp): Då Stortinget behandla fastlandsprosjektet Ålesund-Ellingsøy-Valderøy-Giske i Møre og Romsdal, (St.prp. nr. 95 (1984-85), var det ein føresetnad at det vart etablert rabattordningar på line med det som til kvar tid gjeld for ferjedrift i riksvegsamband. Ved dei to siste prisjusteringane, er honnørrabatten teken bort.
Vil statsråden sørgje for at honnørrabattordninga vert gjeninnført?
Begrunnelse
Ved fastlandssambandet mellom Ålesund og øyane utanfor, mellom anna Vigra flyplass, vert det for 17. året innkrevd bompengar basert på ferjetakstar, samt eit tillegg på inntil 40 pst. Innkrevinga skjer i samsvar med vedtak i St.prp. nr. 95 (1984-85), der det vart sett som vilkår at det vert etablert rabattordningar på lik line med det som til kvar tid gjeld for ferjedrift i riksvegsamband. Ved dei to siste prisjusteringane, er honnørrabattordninga teken bort. Dette er ikkje i tråd med St.prp. nr. 95 (1984-85).