Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:337 (2003-2004)
Innlevert: 04.02.2004
Sendt: 05.02.2004
Besvart: 09.02.2004 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): I svaret på Karin Andersen sine budsjettspørsmål av 20. oktober 2003 svarer kommunal- og regionalministeren 29. oktober 2003 m.a. med ein tabell som syner statleg sysselsetjing på kommune og fylkesnivå pr. 1. mars 2000 og 1. mars 2003. Tabellane viser relativ store tal under omgrepet "uspesifisert komm.", utan at det er nærare gjort greie for kva som ligg i dette.
Kan statsråden gi eit oversyn og forklaring på kva stillingar som ligg i "uspesifisert komm.", og kvifor desse stillingane berre er i kolonne for 2000?

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Når det gjeld tilsette som har vore registert under kategorien "uspesifisert komm.", har dette vore arbeidstakarar ved utedrifta i Statens vegvesen. Produksjonsverksemda vart omgjort til statsaksjeselskap ved den store omorganiseringa av Statens vegvesen pr. 1. januar 2003, og er derfor ikkje med i oversikten over statleg tilsette pr. 1. mars 2003.
Grunnen til at dei er ført opp i kategorien "uspesifisert komm.", er at dei tilsette har hatt fleire kommunar som arbeidsstad. Dei har vore flytta rundt i fylket etter behov.