Skriftlig spørsmål fra Sigvald Oppebøen Hansen (A) til arbeids- og administrasjonsministeren

Dokument nr. 15:346 (2003-2004)
Innlevert: 05.02.2004
Sendt: 06.02.2004
Besvart: 13.02.2004 av arbeids- og administrasjonsminister Victor D. Norman

Sigvald Oppebøen Hansen (A)

Spørsmål

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Personar som er over 67 år har ikkje rett til dagpengar frå Aetat.
Kva er grunngjevinga for dette, vil statsråden ta initiativ for å endre regelverket, og meiner statsråden at dette er i tråd med avtala om eit inkluderande arbeidsliv?

Begrunnelse

Personar som er over 67 år har ikkje rett til dagpengar frå Aetat ved arbeidsløyse. Følgjeleg har dei heller ikkje rett til dagpengar ved permittering. Dette medfører at dei som ønskjer å fortsette å arbeide til dei er 70 år, kan bli tvunge til å gå av med pensjon på eit tidlegare tidspunkt enn dei sjølv ønskjer. Det kan ikkje vere i tråd med intensjonen i avtala om eit inkluderande arbeidsliv at arbeidstakarar som har vilje og evne til å stå på nokon år ekstra i arbeidslivet, blir tvunge til å gå av med pensjon på grunn av at bedrifta dei arbeider i, for ein periode, blir nøydde til å permittere sine tilsette.

Victor D. Norman (H)

Svar

Victor D. Norman: Grunnen til at den øvre aldersgrensa for rett til dagpengar er 67 år, er at ein frå fylte 67 år vil ha rett til alderspensjon frå folketrygda. I praksis er dette også den vanlege pensjonsalderen.

Sett i lys av innstillinga frå Pensjonskommisjonen og i tilknyting til avtala om eit inkluderande arbeidsliv, er det grunn til å vurdere ulike tiltak som kan medverke til at fleire arbeider lengre. Å heve aldersgrensa for dagpengar er eit tiltak det kan vere aktuelt å vurdere nærare.