Skriftlig spørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:352 (2003-2004)
Innlevert: 06.02.2004
Sendt: 09.02.2004
Besvart: 17.02.2004 av barne- og familieminister Laila Dåvøy

Ranveig Frøiland (A)

Spørsmål

Ranveig Frøiland (A): I revideringa av gjeldsordningslova hausten 2002 blei det vedteke eit nytt punkt (i) under § 4-8. I dette nye punktet i loven heiter det at gjeld som stammar frå lån eller kreditt som det openbert skulle vore åtvara mot ifølgje § 47 i finansavtaleloven, kan gje dårlegare dekning enn andre krav.
Kva for informasjonsopplegg har barne- og familieministaren for å syte for at finansinstitusjonar og andre långjevarar er informerte om følgjene av å bryte frarådingsplikta si dersom låntakar får ei gjeldsordning?

Laila Dåvøy (KrF)

Svar

Laila Dåvøy: Barne- og familiedepartementet arbeider aktivt med å spreie kunnskap om gjeldsordningslova og anna regelverk departementet er ansvarleg for. Informasjonsarbeidet når det gjeld gjeldsordningslova er i hovudsak retta mot namsmenn, kommunale gjeldsrådgjevarar og privatpersonar som har betalingsproblem. Departementet har ikkje noko særskild opplegg for å informera finansinstitusjonar og andre profesjonelle aktørar om gjeldsordningslova. Rett nok vert det jamleg halde seminar og andre samlingar der finansinstitusjonar er representerte, men desse har og sitt eige apparat for å hente inn informasjon om mellom anna nytt regelverk. Forbrukarrådet driv og eit omfattande informasjonsarbeid på dette området, til dømes gjennom direkte rådgjeving til publikum og på sine internettsider. Forbrukarombodet har dessutan finansielle tenester som eit prioritert arbeidsområde. Ombodet vil i år følgje opp finansinstitusjonane for å sjå etter at marknadsføring og standardkontraktar ikkje er i strid med marknadsføringslovgjevinga.

Utviklinga i saker etter gjeldsordningslova kan tyde på at gjeldsproblema i samfunnet er aukande, og at særleg ungdom vert ramma. På bakgrunn av dette inviterte eg representantar for finansnæringa til eit møte før jul, der mellom anna kredittvurdering og praktisering av frarådingsplikt var eit tema. Det kom fram på møtet at næringa var vel kjend med frarådingsplikta. Eg er jamvel uroa over at stadig fleire forbrukarar får betalingsproblem og vil difor følgje nøye med på dette området i tida som kjem.