Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til helseministeren

Dokument nr. 15:388 (2003-2004)
Innlevert: 16.02.2004
Sendt: 16.02.2004
Besvart: 20.02.2004 av helseminister Dagfinn Høybråten

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Kan statsråden gje ein oversikt over dei endringane som er føretekne i tilbodet til pasientane i Helse Vest generelt og i Helse Stavanger og Helse Fonna spesielt, i 2002, 2003 og 2004?

Begrunnelse

Eit godt behandlingstilbod innan somatikk så vel som innan psykiatri er ein avgjerande kvalitet som det i dag blir brukt mange honnørord i forhold til. Samstundes kjem det urovekkjande meldingar om altfor strame budsjett. Eg nemner døme som kutt i stillingar med påfølgjande reduksjon i tilbod, sentralisering av tilbod, nye oppgåver for kommunane som følgje av raskare utskriving, nedtrapping innan psykiatrien der det er vedteke opptrapping. Det er ønskjeleg med ein oversikt som både viser kva tilbod som er reduserte eller fjerna, kva tilbod som er styrka og også planar som var utarbeidde, men lagde på is av økonomiske omsyn.

Dagfinn Høybråten (KrF)

Svar

Dagfinn Høybråten: Når det gjeld spørsmålet frå representanten Kleppa, vil eg minne om det plan- og meldingssystemet som er etablert i tråd med helseføretakslova § 34, og som er grunnpilaren i styringsdialogen mellom dei regionale helseføretaka, departementet og Stortinget. Plan- og meldingssystem for regionale helseføretak inngår i St.prp. nr. 1 (2003-2004), der Stortinget blir orientert om dei styrings- og resultatkrava Helsedepartementet har sett for dei regionale helseføretaka. Det blei der også orientert om status i dei regionale helseføretaka, basert på meldingar for 2002, og det styringssignalet departementet skisserte for 2004 til dei regionale helseføretaka.
Modellen med helseføretak gjev Helsedepartementet det overordna ansvaret på nasjonalt plan for at befolkninga får nødvendige spesialisthelsetenester. Helsedepartementet forvaltar det statlege eigarskapet og styringsposisjonen sin overfor dei regionale helseføretaka gjennom to roller:

- Eigarrolla; der departementet styrer gjennom sin organisatoriske posisjon (utforming av vedtekter, samansetting av styre, vedtak i føretaksmøte o.a.). Eigar stiller også økonomiske- og organisatoriske styringskrav.
- Styring gjennom finansiering; der departementet gjennom finansiering av verksemda knyter vilkår til finansieringa. Dei årlege styringsdokumenta er den formelle tildelinga av ressursar til føretaka, dei stiller målkrav, gjev prioriteringar og setter strategiske resultatkrav.

Dei regionale helseføretaka har i tråd med dette fått eit heilskapeleg ansvar for å organisere og tilby eit best mogeleg helsetilbod til befolkninga i samsvar med målet for helsepolitikken, innafor dei budsjettrammene som er fastlagde gjennom Stortinget si behandling av St.prp. nr. 1. God kvalitet på pasientbehandlinga, tryggleik og lik tilgang på helsetenester er framheva som overordna mål for helsetenesta. Kravet om effektiv ressursbruk skal understøtte og sikre desse målsetjingane.
Budsjettvedtaket i Stortinget for 2004 inneber at kravet om balanse for dei regionale helseføretaka er utsett til 2005. Samla sett har Helse Vest ei utfordring på om lag 740 mill. kr, fordelt på 2004 og 2005. Helse Vest har lagt opp til å gjennomføre omstillingstiltak i helseføretaka i regionen på om lag 384 mill. kr i 2004. Helse Vest vil i løpet av februar 2004 i samarbeid med helseføretaka utarbeide ein plan som konkretiserer kva for tiltak som er nødvendige for å oppnå balanse i 2005, kva for tiltak som blir planlagt å setje i gang i 2004, og forventa effekt i 2004. Det blir lagt opp til at aktiviteten i 2004 blir på om lag same nivå som i 2003.
Det ligg til dels historiske grunnar bak fordelinga av økonomiske rammer til helseføretaka. Stortinget har i samband med budsjettbehandlinga for 2004 slutta seg til eit forslag om å endre den framtidige fordelinga av inntektene til dei regionale helseføretaka, med gradvis omstilling frå 2005. Det inneber ei relativ omfordeling av dei økonomiske rammene, til fordel for Helse Vest. For å dempe omfordelingsverknadene har Stortinget slutta seg til at omfordelinga blir gjennomført gradvis over ein periode på fem år.
Dei regionale helseføretaka må, med utgangspunkt i ei vurdering av befolkninga sitt behov for spesialiserte helsetenester, den medisinsk-faglege og tekniske utviklinga, og dei faglege krava til tenesta, vurdere behov for utvikling og endring i organisering og drift av tenestetilbodet, arbeidsformar og i nokre samanhengar høveleg bruk av helsepersonell for å sikre eit kvalitativt best mogeleg helsetilbod og effektiv ressursbruk innafor dei budsjettrammane Stortinget har gitt.
I tråd med dette har Helse Vest gjennomført ein strategiprosess med 3 delprosjekt som grunnlag, for å gjennomføre nødvendige endringar slik at Helse Vest kan tryggje dette ansvaret, jf. årleg melding for 2002 og 2003. Desse delprosjekta omfattar (I) utarbeiding av ein overordna føretaksplan, (II) samordning av administrative støttefunksjonar, og (III) medisinsk funksjonsfordeling. Det har i samband med funksjonsfordelingsprosjektet vore ein særskild gjennomgang av akutt- og fødetilbodet. Det arbeidet gjev grunnlag for operasjonalisering av nødvendige omstillingar i dei enkelte helseføretaka. På bakgrunn av dette er det gjennomført strukturelle og organisatoriske endringar i alle helseføretaka for å sikre betre kvalitet og fagleg samhandling mellom føretaka og med primærhelsetenesta. Det har mellom anna resultert i etablering av ei forsterka fødestove ved Lærdal sjukehus, etablering av eit regionalt kompetansesenter for akuttmedisin i Helse Stavanger HF, og vedtak om å byggje opp tilbodet i regionen med akutt PCI (utblokking av tronge blodkar i hjartet ved hjarteinfarkt). Det er også etablert system for auka fagleg samarbeid innafor ulike fagområde mellom dei ulike einingane innan og mellom helseføretaka. For betre å ivareta behovet for auka samhandling mellom tenestenivåa og gje eit godt tilbod til eldre og pasientar med kroniske lidingar skal Helse Vest i samarbeid med aktuelle kommunar etablere eit offentleg nærsjukehus i Florø. I Helse Bergen og Helse Stavanger er strålekapasiteten auka, ved å endre rutinar og opningstider. Helse Vest vil også følgje opp strukturelle tiltak ved å kartleggje effektar av desse.
Helse Vest ønskjer å møte den faglege utviklinga med aktiv funksjonsfordeling og prioritering internt i helseføretaka og mellom helseføretaka. Helse Vest har også hatt tilfredse pasientar og behandlingskvalitet som strategisk satsingsområde i 2002, 2003 og 2004. Helse Vest vil framover særleg leggje vekt på å styrkje kronikaromsorga ved alle einingar, styrkt samhandling med primærhelsetenesta, bruk av telemedisinske løysingar serleg ved små einingar, sterkare fagleg integrasjon og auka fagleg samhandling mellom helseføretaka, funksjonsfordeling av kliniske funksjonar med lågt volum (til dømes kreftkirurgi og servicefunksjonar) og å etablere strategiar for å ta i bruk nye behandlingsmetodar og ny teknologi når dokumentasjon ligg føre.
Helse Vest kan vise til positive resultat som t.d. auke i pasientbehandling og reduserte ventelister. Helse Vest hadde ein samla auke i aktivitet på 8 pst. frå 2002 til 2003, målt som DRG-poeng. Det er kortare ventelister, mindre overbelegg og færre korridorpasientar, men det utgjer stadig ei utfordring. Helse Vest har også sett opp resultatmål for fleire kvalitetsindikatorar, som fleire av helseføretaka har nådd. Desse resultata viser meg klare uttrykk for positive endringar i tilbodet til pasientane i denne regionen.
Innafor psykisk helsevern i Helse Vest er det også framleis behov for omstilling og styrking av tenestetilbodet. Helse Vest har utarbeidd ein eigen regional plan for psykisk helsevern. Han viser korleis tenestetilbodet skal utviklast for å nå måla i opptrappingsplanen. Planen skal behandlast i Helse Vest og helseføretaka vinteren og våren 2004. Helse Vest er i ferd med å innføre ein struktur med distriktspsykiatriske sentra. Det har òg vore fokus på å redusere ventetider, særskild innanfor barne- og ungdomspsykiatrien. Helse Vest har her ei positiv utvikling. Det har òg vore ein produktivitetsvekst i poliklinikkane, sjølv om målet om 30 pst. vekst ikkje er fullt ut nådd i alle helseføretaka. Det er føresett at aktivitetsnivået innafor psykisk helsevern skal vidareførast slik at tilbodet i 2004 minst blir på same nivå som i 2003, og i tillegg blir supplert med ytterlegare tiltak som følgje av midlar frå opptrappingsplanen. Når det gjeld omorganiseringa av tenestetilbodet innafor psykisk helsevern, har eg gjeve dei regionale helseføretaka klare føringar for korleis dette skal gjennomførast. Det er mellom anna stilt krav om at tenestetilbodet ikkje kan byggjast ned før eit alternativt tilbod er bygd opp og gjort tilgjengeleg, og at gevinstar av effektiviseringstiltak skal kome menneske med psykiske lidingar til gode.
Når det gjeld endra struktur og oppgåve- og funksjonsfordeling i dei enkelte helseføretaka, føreligg det vedtak innafor enkelte område, mens andre førebels er under utgreiing i dei enkelte helseføretaka. Alle utgreiingar, høyringar og saksutgreiingar som blir styrebehandla, er offentleg tilgjengelege og blir lagde ut på internettstadene til dei ulike helseføretaka.