Petter Løvik (H): Vil fiskeriministeren bidra til at Møre og Romsdal får tildelt nokre av dei ikkje-tildelte konsesjonane for oppdrett av laks og aure?
Begrunnelse
Møre og Romsdal er eit fylke med heilt ideelle forhold for oppdrett av laks og aure. Ved siste tildelingsrunde vart berre 5 av 50 konsesjonar tildelt Møre og Romsdal. I fylket er det svært stor interesse for, og konkurranse om, konsesjonane. Ingen har så langt trekt i tvil kompetansen og forretningskunnskapen i fylket på dette området.
Framtida for norsk oppdrett av laks og aure er heilt avhengig av at vi har best mulig konkurransekraft i forhold til andre produsentland. Dyktige produsentar i Møre og Romsdal tar utfordringa dersom dei får høve til det.