Bjørn Jacobsen (SV): Er det slik at Noreg går god for definisjonane av disse organisasjonane som terrororganisasjonar eller kjem Noreg til å følje opp kravet frå partane om å fjerne disse organisasjonane frå terrorlistene ved å ta dette opp med amerikanske myndighetar, EU og i internasjonale fora?
Begrunnelse
I midten av februar heldt Noreg nye fredsforhandlingar mellom den filippinske regjeringa og The National Democratic Front (NDF) på Filippinene. Samtalene munna ut i ein avtale, Oslo Joint Statement, der begge parter ber om at organisasjonane National Democratic Front og Communist Party in the Philippines (CPP) fjernes frå USA sin liste over terrororganisasjonar, da dette "terrorstempelet" er et alvorlig hinder for å få til ein fredelig løysning av konflikten.