Skriftlig spørsmål fra Rita Tveiten (A) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:538 (2003-2004)
Innlevert: 23.03.2004
Sendt: 23.03.2004
Besvart: 29.03.2004 av forsvarsminister Kristin Krohn Devold

Rita Tveiten (A)

Spørsmål

Rita Tveiten (A): Vil statsråden oppretthalda tidsfaktoren som var knytt til HV-09s flytteplanar til Bergenhus Festning for å unngå nye leigekostnader, og kva for ressursar stiller statsråden til disposisjon for Forsvarsbygg slik at lokala på Bergenhus Festning er i forsvarleg stand før eventuell innflytting av den nye distriktsstaben?

Begrunnelse

Både i St.prp. nr. 42 (2003-2004) og i tidlegare svar til Marit Nybakk har statsråden gjort det klart at den nye distriktsstaben for Hordaland og deler av Sogn og Fjordane, inkludert det tidlegare HV-09, bør lokaliserast på Bergenhus Festning. I Forsvarsdepartementets svar til Marit Nybakk går det fram at "Det vil bli arbeidet aktivt med å få til ei ordning med fremleie av lokalene i Åsane slik at flyttingen kan skje tidligst mulig, uten at Forsvaret havner i en situasjon hvor det må betales leie for en bygningsmasse som er fraflyttet". Bygningsmassen det blir vist til her er lokala som HV-09 leiger i dag i Storbotn i Åsane. Leigeforholdet i Storbotn varar, ref. Marit Nybakk sitt spørsmål, til 15. april 2005, ein dato som ikkje blir korrigert i svaret frå departementet. Det er derfor truleg at statsråden hadde planlagt å flytta staben i HV-09 inn på Bergenhus før 15. april 2005, for å unngå nye leigekostnader.
Etter det eg kjenner til finst det eigne planar i Forsvarsbygg som er knytt til bruken av dei lokala på Bergenhus Festning som er tiltenkt den nye distriktsstaben. I tillegg til eventuelle kostnadar til oppussing vil jo dette også medføra utgifter til leige av andre lokale for Forsvarsbygg, før distriksstaben eventuelt kan flytta inn på Bergenhus.

Kristin Krohn Devold (H)

Svar

Kristin Krohn Devold: Det har vore eit overordna mål for meg å samle leiinga av skolane til Sjøforsvaret, Hordaland HV-distrikt og andre relevante delar av Forsvaret til ein synleg stad midt i Bergen, med rike tradisjonar, der Heimevernet kan ha kontakt med innbyggarane i Bergen. Derfor gjorde eg om avgjerda til den dåverande forsvarsminister Bjørn Tore Godal frå 22. juni 2001 om å lokalisere HV-distriktet til Ulven, og avgjorde at dette skulle leggast til Bergenhus. Eg vil sjå til at dette blir gjort så snart som praktisk mogleg.

Vilkåra for å lokalisere HV-distriktet til Bergenhus var dessutan at dette ikkje medførte vesentlege investeringar, mens nybygg på Ulven ville medføre dette. De aktuelle lokalitetar på Bergenhus står ledige, og kan tas i bruk. I Forsvarsbygg sine budsjett for 2004 er det sett av pengar til mindre tilpassingar på Bergenhus.

Eg viser òg til Regjeringa sitt framlegg i St.prp. nr. 42 (2003-2004) om å opprette eit nytt HV-distrikt for Hordaland og sørlege del av Sogn og Fjordane lokalisert til Bergenhus.