Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:560 (2003-2004)
Innlevert: 29.03.2004
Sendt: 29.03.2004
Besvart: 07.04.2004 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Ein familie frå Montenegro, mor, far og to barn, har fått melding om å forlata Noreg innan 30. mars. Det vekkjer sterke reaksjonar lokalt. Far og mor har begge arbeid i Suldal kommune; arbeidskraft kommunen etterspør. Den eine jenta går i tiande klasse. Ho vert no send tilbake til eit land som har skifta skriftspråk og der ho ikkje har vore på elleve år.
Meiner statsråden det vert teke tilstrekkeleg omsyn til eit barn sin situasjon når ho ikkje får fylgja undervisninga i Suldal til skuleåret er omme og grunnskulen fullført?

Begrunnelse

Det kan òg leggjast til at jenta har gått i skulen i Suldal i fem år. Ein familie i ein tilnærma lik situasjon har fått opphald. Denne familien har hatt ein annan sakshandsamar i UDI. Eg ber statsråden klargjera om Regjeringa ynskjer endring på dette området, og om ho vil engasjera seg for at familiar som denne skal ha høve til å søkja om arbeidsløyve frå Norge, eller om ho ser noka anna løysing for å imøtekoma eit lokalsamfunn som etterlyser menneskelege omsyn i utlendingspolitikken.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Som representanten Magnhild Meltveit Kleppa er kjend med, er det Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda som vurderar dei enkelte asylsakene på grunnlag av gjeldande regelverk. Eg har full lit til at dei tek nødvendig omsyn til barna når dei avgjer desse sakane. Det kjem fram mellom anna av Utlendingsnemnda sin praksisbase at omsynet til barn er eit framtredande element i vurderinga av mange asylsaker. Dei vurderar òg om det fins sterke menneskelege omsyn som kan tilseia at det blir gitt opphaldsløyve. Normalt kan det likevel ikkje være avgjerande at søkarane er i arbeid eller vil avslutte eit skoleår. Det vil væra omsyn som gjer seg gjeldande for dei fleste asylsøkarar. At ein har vore i Noreg mens asylsøknaden vert handsama, gjeld nær sagt for alle asylsøkarar. Ein kan i utgangspunktet heller ikkje legge særleg vekt på at søkarane ikkje returnerar etter at dei har fått avslag, men blir verande og til ein viss grad styrker sitt forhold til Noreg. Slik eg ser det er altså dei forholda representanten Meltveit Kleppa omtalar i den konkrete saka, forhold som vil gjelde for dei fleste asylsøkarar.
Representanten Meltveit Kleppa gjer og ei samlikning med det ho kallar ei "tilnærma lik" sak, der resultatet blei eit anna. Det er ikkje mogleg å gjere ein samanlikning mellom to saker på grunnlag av tilfeldige opplysningar. Det skal alltid bli gjort ei individuell prøving av den einskilde saka, og i dei aller fleste sakene vil det vere ulike omstende som gjer seg gjeldande.
Eg forstår godt at familien som representanten Meltveit Kleppa omtaler og lokalsamfunnet rundt dei, synast det er vanskeleg at familien må forlate Noreg. Ein må likevel sjå slike saker i samanheng, og eg meiner at det er viktig å respektere eit resultat som myndigheitene kjem til etter ei grundig og individuell handsaming av søknadene.
Når det gjeld spørsmålet om eg vil engasjere meg for å gi familiar som søker asyl høve til å søke arbeidsløyve frå Noreg, er mitt standpunkt klart. Dersom ein får avslag på asyl/opphaldsløyve, har ein asylsøkar ikkje høve til å fremje søknad om arbeidsløyve frå riket. Eg ser inga grunn til å endre på dette, då det er viktig å verne om asylinstituttet. Det ville være svært uheldig om alle som ikkje hadde eit behov for vern, men hadde ynskje om å finne arbeid i Noreg, skulle søke om asyl. Det ville ha betydd lengre sakshandsamingstider som og ville medført eit dårlegare tilbod til dei som faktisk har behov for vern. Det ville og betydd at Noreg ville ha dekka bustad og nødvendige utgifter for personar utan eit jobbtilbod, mens dei søkte om arbeid. Når det gjeld andre enn dei som har søkt asyl, gjer ikkje dei same omsyna seg gjeldande. Her har eg arbeida for å gje økt høve til å søke om arbeidsløyve frå riket. Dette gjeld mellom anna for spesialistar og sesongarbeidarar.