Bjørn Jacobsen (SV): Kva seier desse kriteria i dag om bruk av bistandsmidlar til militær eller delvis militær innsats, kva har komme opp av forslag i DAC for å utvide disse kriteria, og kva har vore norske posisjonar?
Begrunnelse
Norske styrkebidrag til Irak blei finansiert over bistandsbudsjettet og vi har hatt ein debatt om kor grensene går mellom humanitær og militær innsats. I OECD-landa sin utviklingskomité DAC går det no ein debatt om kriteria for bistand bør utvidast til, i større grad enn i dag, også gjelde militær innsats. DAC har utarbeidd standardar, strategiar og målsettingar for å styrke givarlandas politikk og laga kriterium for kva som er godkjent bistand gjennom ODA-omgrepet.