Skriftlig spørsmål fra May-Helen Molvær Grimstad (KrF) til justisministeren

Dokument nr. 15:670 (2003-2004)
Innlevert: 10.05.2004
Sendt: 11.05.2004
Besvart: 19.05.2004 av justisminister Odd Einar Dørum

May-Helen Molvær Grimstad (KrF)

Spørsmål

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Det er uklare ansvarsforhold som gjeld store steinskred, medan staten tek ansvar for skred mot vegnettet og mot flaum, sit kommunane i praksis at med hovudansvaret når det gjeld store fjellskred og følgjande flaumbølgjer.
Kva vil justisministeren foreta seg for å lette byrdene for kommunar som har utfordringar knytte til steinskredfare?

Begrunnelse

Fylkesgeolog Einar Anda opplyser i Sunnmørsposten 26. mars at det i Møre og Romsdal finst 25 stader der fjellparti kan gli ut. 5-6 av desse vert rekna for kritiske. Anda seier at staten har gjennom plan- og bygningslova lagt eit ansvar på kommunane som dei ikkje er i stand til å handtere, korkje beredskapsfagleg eller økonomisk. Beredskapsavdelinga i fylket peika også på dei uklare ansvarsforholda som gjeld store steinskred. Staten tek ansvar for skred mot vegnettet og mot flaum, men kommunane sit i praksis att med hovudansvaret når det gjeld store fjellskred og følgjande flaumbølgjer.
Det har i media vore retta mykje merksemd om ny skredvurdering på Åkerneset i Stranda kommune. Eit mogleg fjellskred i Sunnylvfjorden kan bli 10 gongar større enn i Tafjordulukka og sende ei 20 meters flodbølgje mot Hellesylt.
Det viktig med kunnskap og overvaking av farar, og staten bør medverka med eit større ansvar.

Odd Einar Dørum (V)

Svar

Odd Einar Dørum: Eg er ikkje samd i at ansvarsforholda på dette området er uklåre. Det er fleire aktørar og myndigheiter som har eit ansvar for ulike typar ras og skred. I St.meld. nr. 17 (2001-2002) Samfunnssikkerhet blei det orientert om at Justisdepartementet i 2001 tok initiativ til ei interdepartemental gruppe som kartla og drøfta ansvarsforhold i høve til skred og at behov for ytterligare samordning på området blei vurdert. Bakgrunnen for dette initiativet var at det blei hevda at ansvarsforholda på dette området er uklåre.
Dei erfaringar Justisdepartementet har gjort er at det ikkje er slike uklåre ansvarsforhold som det er gitt uttrykk for.
Kommunar har eit ansvar for sikring mot naturskadar gjennom naturskadelova og plan- og bygningslova. Eg er kjend med at Landbruksdepartementet ved Statens naturskadefond kan gje tilskott i høve til kartlegging av fareområde for skred, inkludert store fjellskred. Statens naturskadefond har mellom anna gitt tilskott til slikt arbeid i regi av Norges geologiske undersøkelse (NGU) som ligg under Nærings- og handelsdepartementets ansvarsområde. NGU har i samarbeid med fleire fylkeskommunar og Statens naturskadefond sett i gang eit prosjekt som kartleggjar fareområdar for store fjellskred.
Eg meiner det er viktig å arbeide for at store skred kan førebyggast eller at konsekvensane av slike blir så små som råd er. Difor har eg som justisminister tatt dei initiativ eg har meint har vore naudsynte for å skape kontakt mellom dei ulike fagmiljøa med fagansvar knytt til skred. På mitt ansvarsområde støtter Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap regionale og lokale myndighetar mellom anna med bruk av risiko- og sårbaranalysar i si planlegging. Direktoratet arbeider og med å støtte regionale og lokale myndigheitar med å bygge inn omsynet til samfunnstryggleik i samfunnsplanlegginga.
Dei samla byrdene for kommunane knytt til steinskredfare må vurderast i samanhang med dei ordningar som gjeld på området. Som medlem av Regjeringa vil eg arbeide aktivt for at omsynet til kommunanes situasjon blir via det naudsynte omsyn.
Førebygging av skred krev og eit breitt sett med verkemidlar. Mellom anna må konsekvensane av klimaendringar sjåast i nær samanheng med faren for fjellskred, og illustrerar at ein god klimapolitikk også er god samfunnstryggleik. Som representanten er kjend med er ein god klimapolitikk ei viktig sak for Regjeringa. Desse utfordringane er gitt brei omtale i stortingsmeldinga om samfunnstryggleik og sivilt-militært samarbeid som Regjeringa fremja den 14. mai 2004.