May Britt Vihovde (V): Kva vil helseministeren gjere for å sikre kontroll av dei reglane som seier at amalgam ikkje skal vere førstevalg, og at pasientane får informasjon om mogelege helseskadar, vert etterlevd?
Begrunnelse
I 2003 vart det innført nye reglar når det gjeld bruken av amalgamfyllingar som skal bidra til at bruken av tannfyllingsmaterialet amalgam, som innheld 50 pst. kvikksølv, vert fasa ut. Pasienten skal ved konsultasjon hos tannlegen få valmoglegheit mellom bruk av amalgam og anna tannfyllingsmateriale. I tillegg skal pasienter få informasjon om moglege biverknader/helseskadar ved bruk av amalgam.