May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Det er anslag på at 200 000 tonn torsk er fiska ulovleg med russisk omlasting på havet.
Kva vil fiskeriminister foreta seg i denne saka?
Begrunnelse
I brev frå Havforskingsinstituttet til Det internasjonale havforskingsrådet blir det peikt på at om lag 200 000 tonn torsk er fiska ulovleg med russisk omlasting på havet. Dette er like mykje som norsk årskvote av torsk. Dette er svært alvorlig, med tanke på ei berekraftig forvalting og rettferdig fordeling av viktige fiskeressursar. Det er viktig å få stoppa slike ulovlegheiter.