Bjørn Jacobsen (SV): Kan det leggjast fram ei liste over saker der Noreg dei siste 10 åra i internasjonale samanheng, tingingar, drøftingar, prosessar m.m. har spela ei føregangs- og/eller meklarrolle innan dei ulike politikkområda nettopp fordi vi ikkje er medlem i EU?
Begrunnelse
I den såkalla Europameldinga som vart framlagt av Stoltenberg-regjeringa i 2000 står det mellom anna å lese at "Regjeringen legger vekt på at Norge utenfor EUs felles utenriks- og sikkerhetspolitikk i særskilte sammenhenger har muligheter til å ta initiativer der EU-landene er bundet av felles posisjoner" og at "I flere situasjoner har Norge hatt mulighet til å ta initiativer som ikke uten videre kan tas av EU-land, da disse kan være avhengige av omforente posisjoner". Denne linja er seinare følgd opp av den sitjande Regjeringa, mellom anna ved at statsminister Bondevik i etterkant av Noreg sin innsats på Johannesburg-toppmøte i 2002 meinte at dette viste fordelane ved å stå utanfor EU, og ved Noreg si aktive rolle i fredstingingane på Sri Lanka. Andre samanhengar der det er vorte peikt på at Noreg har spela ei føregangs- og/eller meklarrolle er mellom anna Biosafety-tingingane i Nairobi i 2001 og den såkalla Oslo-kanalen i Midtausten-konflikten.