Bjørn Jacobsen (SV): Vil Noreg arbeide for å auke fridomen og fleksibiliteten hos utviklingslanda når det gjeld å forme sin eigen utviklingspolitikk, innafor internasjonale handelsavtaler, og vil Noreg arbeide for fortgang i forhandlingane om dei såkalla "Special and Differential Treatment", slik at disse forhandlingane blir sluttført og blir bindande i internasjonale handelsregelverk?
Begrunnelse
Ein av dei viktigaste debattane framfor UNCTAD-konferansa i Brasil denne månaden er spørsmålet om politisk handlingsrom, det vil sei korleis muligheit utviklingslanda har til å føre ein sjølvstendig politikk innanfor rammene av internasjonale handelsavtaler.
I det internasjonale regelverket forma av organ og institusjonar som Verdas Handelsorganisasjon, IMF og Verdsbanken, er det ein stadig voksande bekymring i svært mange utviklingsland om at deira politiske handlingsrom blir stadig mindre.
Mange vil meine at FN-institusjonane bør ha ein klar forrang blant internasjonale organisasjonar, og at UNCTAD må ha klar forrang framfor WTO.
Derfor er det viktig at spørsmål som politisk handlingsrom står sentralt under det kommande UNCTAD-toppmøtet.