Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:819 (2003-2004)
Innlevert: 18.06.2004
Sendt: 21.06.2004
Besvart: 01.07.2004 av helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Meiner statsråden at behandling mot rusmiddelmisbruk er eit område som eignar seg for konkurranseutsetjing?

Begrunnelse

Det har vekt merksemd at Helse Øst har lagt behandling på rusfeltet ut på anbod. Dette er eit område der det er behov for eit mangfald av tilbod. Det er også tydeleg eit område der det er ein føresetnad at ein har høve til å justera eit opplegg undervegs. Mange misbrukarar har hatt stor nytte av at somme mindre institusjonar har hatt eit spesielt høve til å følgja opp den einskilde over lang tid. Det er grunn til å tru at fleire mindre verksemder finn det vanskeleg å bruka mykje tid på utfylling av anbodsdokument, tid som elles kan nyttast overfor den einskilde misbrukar.
Det synest underleg at ikkje helseføretaka er meir opptekne av å nytta ledig kapasitet på fleire institusjonar. Eg ber statsråden ta tak i dette og engasjera seg for eit endra opplegg.

Ansgar Gabrielsen (H)

Svar

Ansgar Gabrielsen: Rusreforma omfatta i alt 74 institusjonar. Av desse var 42 i privat eigarskap og drift. Dette visar heilt tydeleg den sentrale rolla som dei private aktørane har på dette feltet. I kap. 4 i styringsdokumentet til dei regionale helseføretaka er det understreka at desse også framover må sørgja for å sikre den behandlingskapasitet som dei private aktørane ytar til denne pasientgruppa. Det er i tillegg sagt i styringsdokumentet at dei private aktørane skal ivaretakast på eit ryddig vis også kva gjeld framtidig rolle.
Ved rusreforma overtok Helse Øst RHF i alt 30 avtalar med private aktørar. Desse aktørane utgjer eit stort mangfald av behandlingstilbod av ymse slag. Etter å ha sagt opp 26 av avtalane med dei private aktørane, er Helse Øst RHF no i ein prosess for å reforhandle desse avtalane, ikkje minst kva gjeld kravet til kvalitet og leveringsevne. Denne prosessen blir gjennomført i tråd med unnataket frå EØS-kravet om anbodsrundar i høve til ideelle aktørar. Dette er gjort kjend overfor dei private avtalepartane. Formålet med denne prosessen er å auke kvaliteten i tilbodet til pasientanes beste.
Eg er samd med representanten Kleppa i at mange rusmiddelmisbrukarar har behov for å bli følgd opp over lang tid. Det er difor avgjerande at spesialisthelsetenesta og kommunane samarbeider godt på overordna plan, men også om kvar einskild rusmiddelmisbrukar, mellom anna i tråd med pasientane si rett til individuell plan.