Skriftlig spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til finansministeren

Dokument nr. 15:932 (2003-2004)
Innlevert: 17.09.2004
Sendt: 20.09.2004
Besvart: 28.09.2004 av finansminister Per-Kristian Foss

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Enkeltpersonsføretak blir pr. i dag pålagt forskotsskatt ut frå den omsetning ein trur enkeltpersonsføretaket vil få. Så lenge ikkje noko uforutsett finn stad byr dette på få problem. Langvarig sjukdom kan derimot gje eit uforutsett inntektsbortfall slik at forskotsskatten blir vanskeleg, eller umulig, å betale.
Vil finansministeren vurdere tiltak slik at eigarar av enkeltpersonsføretak lettare får redusert forskotsskatten dersom sjukdom eller andre forhold gjer ein slik reduksjon rimeleg?

Begrunnelse

Tilbakemelding tyder på at det i praksis kan vere vanskelig å få endra forskotsskatten dersom uforutsett inntektsbortfall inntrer. Om dette først og fremst skyldes utilstrekkeleg regelverk eller manglande velvilje er uklart. Ein måte å løyse dette på kan mellombels vere å innføre etterskotstrekk av skatt for enkeltpersonsføretak. Ved ei slik endring vil skattekrava automatisk bli redusert eller falle bort ved inntektsbortfall grunna sjukdom og liknande. Ei slik endring vil derfor gjere det meir attraktivt å starte og drive enkeltpersonsføretak.

Per-Kristian Foss (H)

Svar

Per-Kristian Foss: Eg forstår at det kan vere vanskelig å betala forskotsskatten når det har skjedd eit uførutsett inntektsbortfall, til dømes på grunn av sjukdom. Det er mellombels reglar i skattebetalingslova som inneber at eigar av enkeltpersonføretak kan få redusert forskotsskatten dersom sjukdom eller andre forhold gjer ein slik reduksjon rimeleg.
Etter skattebetalingslova § 18 andre ledd kan likningskontoret sette ned forskotsskatten når det er sannsynleg at den skattepliktige, med den fastsette forskotsskatten, vil få ein tilgodesum ved avrekninga for vedkommande år som motsvarer minst 1/5 av det utskrivne forskotsbeløpet. Regelen medfører at ein forskotspliktig som kan godtgjere at dei nemnte vilkåra er oppfylt skal få forskotsskatten nedsett av likningskontoret.
Det følgjer òg av skattebetalingslova § 18 tredje ledd at likningskontoret kan løyse den skattepliktige frå plikten til å innbetale uteståande terminar av forskotsskatten om det er mest sannsynleg at den forskotsskatten som alt er innbetalt, er tilstrekkeleg til å dekke den skatten som vil bli utlikna for inntektsåret. I tillegg kan likningskontoret treffe vedtak om å betale tilbake forskotsskatt som allereie er betalt, dersom inntekta er falt bort eller det eksisterer andre serlege forhold som gjer det sannsynleg at det som er innbetalt som forskotsskatt er vesentleg meir enn det som trengs til dekning av den skatten som vil bli utlikna for inntektsåret. Slik tilbakebetaling vil mellombels berre skje når det ligg føre ekstraordinære forhold, og det vil virke urimeleg å utsette tilbakebetalinga til avrekning kan foretas.
Etter mi meining gir regelverket tilstrekkeleg høve til å få redusert utskriven forskotsskatt ved inntektsbortfall. Eg er heller ikkje kjent med at reglane praktiserast for strengt.
Til ideen om å innføre etterskotstrekk av skatt for enkeltpersonføretak vil eg gjere merksam på at Stortinget i 1999 vedtok eit forslag om å endre reglane om betaling av etterskotsskatten slik at 2/3 av den berekna skatten gjerast opp før likninga, i staden for 1/2 som tidligare. I denne samanheng uttaler departementet i Ot.prp. nr. 1 (1999-2000) under 21.4.1:

"Departementet viser i denne sammenheng til uttalelsen i St.prp. nr. 1 (1992-93) side 82 om at etterskuddsordningen som sådan kontinuerlig bør vurderes med tanke på en tilnærming til forskuddsordningen. Betalingen vil ved en slik endring i større grad enn tidligere korrespondere med opptjeningen av inntekten. Endringen vil også føre til at innfordringen av eventuell restanse vil kunne iverksettes på et tilsvarende tidligere tidspunkt."

Det vil vere i strid med denne grunngjevinga dersom ein endrar systemet for eigarar av enkeltpersonføretak, slik at desse blir etterskotspliktige.