Skriftlig spørsmål fra Steinar Bastesen (Kp) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:963 (2003-2004)
Innlevert: 24.09.2004
Sendt: 27.09.2004
Besvart: 04.10.2004 av fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen

Steinar Bastesen (Kp)

Spørsmål

Steinar Bastesen (Kp): Fiskaren har 22. september i år eit oppslag om to brør som vert pressa ut or fisket.
Tykkjer statsråden at fiskeristyremaktene har førehava saka deira på ein rimeleg måte, og syner ikkje denne saka at fiskarar ikkje har same rettsvern som andre yrkesgrupper?

Begrunnelse

To brør i Solund i Sogn har mista kvota på sild ved å følgja pålegg frå Fiskeridirektoratet. Ein kann få inntrykk at dessa brørne er kasteballar i eit system der Fiskeridirektoratet på den eine sida krev at dei skal opna eit sildesteng og på hi sida krev at dei på urimeleg kort tid må levera store sildemengder for å få kvote året etter. Resultatet for desse to unge kystfiskarane er at dei står utan sildekvote og med sers reduserte innkomer.

Svein Ludvigsen (H)

Svar

Svein Ludvigsen: Representanten Bastesen viser til at to brør i Solund i Sogn har mista kvoten på nordsjøsild som følgje av pålegg frå Fiskeridirektoratet, og at desse brørne er kasteballar i eit system som krev at dei skal opne eit sildesteng samstundes som dei på urimeleg kort tid må levere store sildemengder for å få kvote året etter. Representanten spør om eg tykkjer at fiskeristyresmaktene har handsama saka deira på ein rimeleg måte og om denne saka syner at fiskarar ikkje har same rettsvern som andre yrkesgrupper.

Eg vil fyrst peike på nokre av dei sentrale vilkåra for å få deltakarløyve i gruppe 1 i kystfartøygruppa sitt fiske etter nordsjøsild. For at eit fartøy på mellom 15 og 20,99 meter skal få deltakarløyve, må følgjande vilkår være oppfylt: Fartøyet må vere registret i merkeregisteret og ha ein lastekapasitet på mindre enn 1 500 hektoliter, eigar og høvedsmann må vere ført på blad B i fiskarmanntalet og fartøyet må ha levert minst 10 tonn sild i eitt av åra 1999, 2000 eller 2001. Fiskeridirektoratet kan dispensere frå kravet om levert sild når sild sett i lås er meldt inn og registret hos Noregs Sildesalslag.

Denne saka har vorte handsama både av Fiskeridirektoratet og av Fiskeridepartementet, som sendte ut vedtak den 17. november 2003 med avslag på søknad om løyve til å delta i fisket etter nordsjøsild. Søkjarane fekk avslag fordi fartøyet ikkje hadde fanga tilstrekkeleg kvantum eller meldt inn tilstrekkeleg kvantum sild satt i lås i åra 1999, 2000 eller 2001 slik regelverket krev. Eg gjekk gjennom saka på nytt 13. september i år, og kom til at det ikkje var grunnlag for å gjere om vedtaket.

Eg meiner denne saka er handsama riktig og etter regelverket. Vilkåra for å få deltakarløyve i fiske etter nordsjøsild er fastsett slik at dei skal gje klare grenser for kven som skal få deltakarløyve. Søkarane i denne saka oppfyller ikkje vilkåra og har derfor ikkje krav på deltakarløyve. Eg vil òg peike på at det er tilstrekkeleg at 10 tonn nordsjøsild er fiska eller meldt inn i eitt av åra 1999, 2000 eller 2001.

Eg er klar over at søkjarane hevder å ha hatt fisk ståande i steng i 1999 som ikkje vart meldt inn til sildesalslaget og at søkjarane fekk pålegg om å sleppe silda av Fiskeridirektoratet sin inspektør. Desse opplysningane har vore kjent for alle som har handsama saka. Vilkåret om at silda må vere meldt inn og registret hos sildesalslaget er sett for å sikre at det er enkelt å bevise om fartøyet har fanga nok fisk. Eg meiner det er viktig for å sikre lik handsaming og klar praksis slike saker.

Eg vil likevel, nok ein gong, gå gjennom saka på nytt saman med Fiskeridirektoratet og sildesalslaget for å undersøkje om det er nokre grunnar som taler for å gjere om vedtaket.