Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:1 (2004-2005)
Innlevert: 02.10.2004
Sendt: 04.10.2004
Besvart: 12.10.2004 av arbeids- og sosialminister Dagfinn Høybråten

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Kva er gjort frå departementet si side for å fylgja opp Stortinget si understreking av behovet for å sikra betre informasjon frå trygdeetaten si side om dei til ei kvar tid gjeldande trygdereglane?

Begrunnelse

I samband med handsaminga av Dokument nr. 8:19 (2003-2004) om høve til friinntekt for uføretrygda kom det fram ei rekkje døme på manglande informasjon frå trygdeetaten si side om gjeldande regelverk og dei urimelege følgjer det å overstiga fribeløpet kan få for einskildpersonar. I Innst. S. nr. 144 (2003-2004) understrekar Stortinget det ansvaret trygdeetaten har for betre informasjon. I same innstillinga går det fram at det frå 1. januar 2004 ikkje vil vera ventetid for friinntekt. Stortinget påpeikar også at ein spesiell og tilfeldig situasjon ikkje skal få urimelege konsekvensar over fleire år. Frå eit lokalt trygdekontor er eg fortalt at det ikkje er motteke noko som helst signal om endring i tråd med intensjonen i nemnde innstilling. Praksisen er heller ikkje endra når det gjeld friinntekt. Eg finn difor grunn for å etterlysa departementet si oppfølging.

Dagfinn Høybråten (KrF)

Svar

Dagfinn Høybråten: Trygdeetaten har følgjande faste informasjonsopplegg overfor den enkelte mottakar av uførestønad/uførepensjon:

- Ved yting av uførepensjon får pensjonisten tilsendt ei skriftleg vedtaksmelding. I meldinga er det eit eige avsnitt med overskrift "Arbeidsinntekt og uføregrad" der ein gjer greie for kva inntekt vedkommande kan ha ved sida av pensjonen. Det blir også gitt informasjon om at ein må ta kontakt med trygdekontoret ved inntektsendringar eller andre endringar som er viktig for pensjonen.

- Eitt år etter at stønaden vart løyvd får alle pensjonistar ein folder sendt til seg. Den heiter "Til deg som ønskjer å kombinere uførepensjon med arbeidsinntekt".

- I samband med reguleringa av grunnbeløpet får den einskilde pensjonist kvart år ein kort informasjon om den nye inntektsgrensa si på utbetalingsvedlegget i juli eller august.

- Ved endring av uføregrad i laupande uførepensjon blir det også sendt ei skriftleg vedtaksmelding til pensjonisten. I denne blir det blant anna gjort greie for kor høg inntekt vedkommande nå kan ha ved sida av ytinga.

I tillegg til dette faste informasjonsopplegget har mottakar av stønad/pensjon som er i tvil om noko i samband med dette, høve til å ta kontakt med trygdekontoret på bustaden for nærare informasjon. Det er vidare utarbeidd generell informasjon om uføreytingane, som er tilgjengeleg på trygdekontoret og Internett.