Heidi Grande Røys (SV): Kva konkret er gjort for å styrke lærarane sin kompetanse når det gjeld det å gi barn og unge tryggleik i høve til eigen kjønnsidentitet, spesielt i høve til homofil identitet?
Begrunnelse
I samband med handsaminga av St.meld. nr. 25 (2000-2001) vart det retta spesiell fokus på lesbiske og homofile i skulen. Fordi det statistisk sett vil vere ein til to elevar i kvar skuleklasse som etter kvart vil finne ut at dei er lesbiske eller homofile er det særs viktig at lærarane i skulen har ein særskild kompetanse når det gjeld å gi elevane tryggleik i høve til eigen kjønnsidentitet.
Store ungdomsundersøkingar i regi av NOVA viser at når unge mellom 13 og 18 skal rangere kven dei helst vil vere saman med, havnar lesbiske og homofile blant dei siste. Av den grunn er det òg viktig at lærarane er gode rollemodellar og haldningsformidlarar.