Skriftlig spørsmål fra Hallgeir H. Langeland (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:219 (2004-2005)
Innlevert: 18.11.2004
Sendt: 18.11.2004
Besvart: 25.11.2004 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Hallgeir H. Langeland (SV)

Spørsmål

Hallgeir H. Langeland (SV): Viser til statsråden sitt svar på mitt spørsmål nr. 152. Her kjem statsråden med eit par upresise og feilaktige påstandar. For det fyrste er det Forbrukarombodet og ikkje Posten som er rett klageinstans med omsyn til uønska uadressert reklame. Forbrukarombodet hevdar på sine nettsider at dei mottek jamleg klagar, altså det motsette av kva statsråden uttalar i sitt svar.
Kan statsråden svare på om ikkje Posten ved si oppmoding om å fjerna reservasjonsmerka har trått over grensa for gjeldande konsesjonskrav?

Begrunnelse

I Posten si konsesjon er det eit krav til reservasjonsording. Ordninga med rett til reservasjon er støtta av mellom andre miljøverndepartementet i kampen mot unødig papirsløsing. Forbrukarombodet og organisasjonen Grønn Hverdag er i kontakt med forbrukarar som ikkje er nøgd med Posten si alminnelege handsaming av ordninga. Når Posten i tillegg samrører med ein av sine store kundar i eit forsøk på å undergrava reservasjonsordninga, må ein spørje seg om ikkje statsråden tek for lett på saka.

Torild Skogsholm (V)

Svar

Torild Skogsholm: Posten er opptekne av god kvalitet i samband med reservasjonsordninga mot uønska, uadressert reklame, og handhever reservasjonsordninga strengt. For å sikre at postmottakarane sine ønskjer blir respekterte, har Posten eit eige reservasjonssystem med rutinar som er godt innarbeidd blant omdelingspersonalet. Ifølgje Posten er dei ikkje kjent med at Forbrukarombodet er misnøgd med Posten sin praktisering av reservasjonsretten.
Det er rett at Posten ikkje er klageinstans i høve til marknadsføringslova. Enkelte vel likevel å klage til distributøren. Posten mottek derfor også klager. I ein god del av desse tilfella viser det seg at det er andre distributørar enn Posten som har omdelt sendingane, og ikkje teke omsyn til reservasjonen.
Som eg gjorde merksam på i svaret på spørsmål nr. 152, er det i konsesjonen til Posten eit krav om at Posten skal ha ei reservasjonsordning som oppfyller krava i marknadsføringslova. Så lenge denne ordninga fungerer godt, med tilstrekkeleg informasjon om korleis ein kan reservere seg, har Posten oppfylt pliktane sine på dette området. Eg ser det som viktig at reservasjonsordninga fungerer, og legg til grunn at Posten følgjer dei reglane som gjeld. Dersom Posten skulle bryte marknadsføringslova, føreset eg at Forbrukarombodet følgjer opp dette.