Bjørn Jacobsen (SV): Kan det leggjast fram ei liste over saker der Noreg dei siste 10 åra i internasjonale samanheng, tingingar, drøftingar, prosessar m.m. har spela ei føregangs- og/eller meklarrolle innan ulike politikkområdar?
Begrunnelse
Eg viser til spørsmål nr. 714 (2003-2004). Her ba eg utanriksministeren om å gjere greie for ulike samanhengar der Noreg "har spela ei føregangs- og/eller meklarrolle innan dei ulike politikkområda nettopp fordi vi ikkje er medlem i EU". Dette meinte utanriksministeren den gongen var "hypotetisk" og vidare at "følgelig lar det seg ikke gjøre å utarbeide en saklig og begrunnet liste over konkrete saker hvor vårt ikke-medlemskap eventuelt kan ha hatt en slik påvirkning". Dette går det an å vere usamde om.
Ut frå utanriksministeren sitt svar på spørsmål nr. 714 (2003-2004) forstår eg det sånn at det vil vere mogeleg å leggje fram ei liste over saker der Noreg har spela ei rolle dei siste ti åra, dersom det berre vert sett vekk frå at me ikkje har vore medlem av EU i denne perioden. Med dette som utgangspunkt ber eg difor om å få framlagt ei slik liste.