Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:416 (2004-2005)
Innlevert: 20.01.2005
Sendt: 21.01.2005
Besvart: 03.02.2005 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Ved Elgå oppvekstsenter er det eit prosjekt som gjeld tidleg morsmålsopplæring til barn frå det sørsamiske miljøet. Prosjektet har vekt internasjonal merksemd.
Vil statsråden gjere noko for å sikra at dette prosjektet vert vidareført?

Begrunnelse

Engerdal kommune slit med ein svært stram kommuneøkonomi. Kommunen vurderer no fleire alternativ til innstraming. Det føreligg forslag om nedlegging av to skular i denne langstrakte kommunen. Den eine av desse er Elgå. Eg vonar statsråden set seg inn i situasjonen og medverkar til at busetnaden kan oppretthaldast og at eit unikt prosjekt kan sikrast vidare drift.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Eg er kjend med prosjektet for opplæring i sørsamisk som fyrstespråk ved Elgå oppvekstsenter. Det er sett i gang etter initiativ og medverknad frå sørsamiske foreldre og nærmiljø, og rektor ved Elgå oppvekstsenter. Sametinget sitt språkmotiveringsprosjekt blei kunngjort i 2000 som eit prøveprosjekt for kommunane utanfor forvaltningsområdet for språkreglane til samelova, og Engerdal kommune fekk sitt prosjekt godkjent. Det blir finansiert ved særskilde midlar frå Sametinget, og ved ordinære midlar til tospråksbruk frå Utdanningsdirektøren i Finnmark. Engerdal kommune stiller lokale på Elgå til disposisjon. Prosjektet skal avsluttast våren 2006.

Prosjektet blir vurdert fortløpande av prosjektet sitt styre, og det skal evaluerast i regi av Samisk Høgskole i 2006. Eg har sett på prosjektet med stor interesse, og har merkt meg at det er unikt når det gjeld minoritetsspråkopplæring og revitalisering av språk. Når det gjeld ei eventuell vidareføring etter prosjektperioden, går eg ut fra at styringsgruppa til prosjektet vil kome med tilrådingar og forslag til praktiske løysingar, som både Sametinget, Samisk Høgskole og dei aktuelle departementa vil kunne forholde seg til.

Eg er også kjend med at Engerdal kommune vurderer nedlegging av to skular i kommunen, bla. Elgå oppvekstsenter. Eg vil i denne samanhengen leggje til grunn at Engerdal kommune i vurderinga av skulestrukturen i kommunen vil ta omsyn til dei særskilde behova som samiske barn har for opplæring i eige språk, og forhold seg til dei forpliktingane som påligg Noreg i denne samanhengen.