Bjørn Jacobsen (SV): Kva er status for norsk og internasjonal hjelp til tsunamiofra, og har hjelpa kome fram til urfolkgrupper?
Begrunnelse
Stortinget løyva 1 mrd. kr til ofra etter tsunamien i Søraust-Asia tidlegare i år. Det vart frå statsråden sagt at pengane ville bli utbetalt etterkvart til FN og Indonesia og Sri Lanka ville bli prioritert. Fleire statsrådar, mellom anna helseminister Ansgar Gabrielsen, uttalte ifølgje NRK at urfolk og skulle bli prioritert. Eit TV team frå NRK Sami Radio legg fram at Urfolk grupper i Ache-provinsen ikkje har fått hjelp.
Eit vedvarande problem ved katastrofar er at berre om lag 30-40 pst. av det som blir lova i internasjonal hjelp verkeleg blir løyva.